Nye namn på 16 vegar i Ørskog

Vegskilt - Klikk for stort bilete

 

Dei 14 vegane i Ørskog kommune som måtte endre namn på grunn av kommunesamanslåinga, vert no kunngjort:

Ørskog kommunestyre har i møte 21.06.18 og 01.11.18 vedteke følgjande:

Einavegen får namnet Einabakkane

Gjerdsvegen får namnet Gjerdsbrauta

Grytalivegen får namnet Lauparvegen

Kleivavegen får namnet Olaus Abelseth-vegen

Kyrkjevegen får namnet Elling O. Wallbøes veg

Skogvegen får namnet Skogen

Liavegen får namnet Liagardsvegen

Naustvegen får namnet Presteøyra

Vestresætervegen får namnet Vestrefjellvegen

Øvstevegen går namnet Grimsmyrvegen

Lyngvegen går ut og blir knytta til/får namnet Einabakkane

Smibakken går ut og blir knytta til/får namnet Prestegardsvegen

Idrettsvegen går ut

Skulevegen går ut


 

I tillegg er det vedteke to nye vegnamn:

Kraftverkvegen – ny veg frå Storfjordvegen til det nye kraftverket i Vaksvika

Synnesmarka – ny veg i høve omarbeiding av vegen Jokumrenna i nytt bustadområde

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.11.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering