Opningstider i romjula

Her er oversikt over opningstider i jula for kommunale kontor, bibliotek, SFO og barnehagene, legekontoret, avfallsmottak og henting av avfall.

Tett og fint grantre tatt inn i stua og pynta til høgtid. - Klikk for stort bilete

På Rådhuset er opningstidene i romjula 10.00-14.00.
Biblioteket følger ikkje sine ordinære opningstider, men held ope samstundes som rådhuset, onsdag-fredag.

 

NAV

NAV Storfjorden, Ørskog er ope onsdag 27. kl. 10.00-14.00.

 

Elles har NAV Storfjorden følgande opningstider:

  • NAV Storfjorden, Norddal: onsdag 27. kl. 10.00-14.00
  • NAV Storfjorden, Skodje: fredag 29. kl. 10.00-14.00
     

I tillegg er kontaktsenteret opent alle dagar kl. 10.00-15.30, tlf. 55 55 33 33.

 

Legekontoret og legevakta

Legekontoret har vanlege opningstider i romjula: 08.30-15.30.

Legevakta er open slik:

  • Lillejulaften: 12.00-18.00
  • Julaften: 09.00-15.00
  • 1. og 2. juledag: 12.00-18.00
  • Onsdag 27.- fredag 29.: 15.30-22.00
  • Laurdag 30.: 12.00-18.00
  • Nyttårsaften: 09.00-15.00
  • 1. Nyttårsdag: 12.00-18.00

SFO og barnehagane

SFO har ope til og med fredag 22. desember. Tysdag 2. januar er det planleggingsdag, og både skulen og SFO er stengt. Fyrste vanlege skuledag er onsdag 3. januar.

Årøyhaugen barnehage: 2. januar er det planleggingsdag. Onsdag 3. januar er fyrste vanlege dag i 2018.

Lande FUS startar på att som vanleg tysdag 2. januar.

 

Renovasjon

Sjøholtstrand Miljøstasjon har stengt i romjula. Men ein kan nytte andre miljøstasjonar, t.d. Bingsa i Olsvika (stenger klokka 12 i romjula). Hugs i så tilfellet på å ta med miljøkortet!
Fyrste dag på Sjøholtstrand i 2018 blir torsdag 4. januar. 

Opningstider på Sjøholtstrand Miljøstasjon, frå og med januar: tysdag og torsdag klokka 10.00-18.00
Fyrste laurdag i månaden frå mars til og med oktober: klokka 10.00-14.00.

 

Renovasjon:
Henting av restavfall - like dagar for både sone 1 og sone 2: onsdag 27. desember og tysdag 2. januar.

Henting av papir og plast i januar - sone 1: fredag 5. januar og sone 2: fredag 12. januar.

 

Renovasjonskalenderen for 2018 finn du her
 

 

***

Ørskog kommune ynskjer alle innbyggarar ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering