Rådhuset Måndag og tysdag opent frå 10-14, onsdag før skjærtorsdag frå 10-12.
Biblioteket: Måndag blir vanleg dag frå 12-18, og deretter blir neste opningsdag onsdag 4. april frå
klokka 12.00-16.00. Men har du lånekort og kjem innom rådhuset mellom klokka 10-14 tysdag 27., eller 10-12 onsdag 28., vil vedkomande som sitt i skranken hjelpe deg og du skal likevel få lånt deg bøker/lydbøker/blad.
Legekontoret stenger onsdag 28. klokka 12.00. Legevakta er open alle dagar frå 12.00 til 18.00 i påska,
telefon: 70 27 03 00 / 116117.
NAV Storfjorden, Ørskog er stengt onsdag 28. Men ein kan nytte publikumsmottaket i Skodje, som er ope frå klokka 10 til 12.
NAV kontaktsenter er ope måndag-onsdag (onsdag til kl. 12): 55 55 33 33.
Sjøholtstrand Miljøstasjon er stengt i påskeveka. I veke 14 er opningstider som vanleg:
tysdag og torsdag 10-18. Neste gong stasjonen er laurdagsope, vil vere 7. april klokka 10-14.
Henting av mat- og restavfall: Måndag 26. mars blir det henting av matavfall for både sone 1 og 2.
Etter påskehelga blir det henting av restavfall for både sone 1 og 2 tysdag 3. april.
Hugs å sette ut dunken kvelden før!
Ørskog kommune ynskjer alle innbyggarar ei riktig god påske!