Oppheving av områdeplan for Bårdsgjerde

Bårdsgjerde - Klikk for stort bilete

Oppheving av reguleringsplan for Bårdsgjerde og oppstart av ny reguleringsplan for veg til Bårdsgjerde.

 

 

I medhald av Plan- og bygningslova (PBL) § 12-14 melder vi om oppstart av prosess for å oppheve områdereguleringsplanen for Bårdsgjerde, PlanID 2013004, vedteken 25.11.2014.

Før det treffast vedtak om oppheving skal berørte myndigheiter, eigarar og festarar kunne uttale seg. Desse vert kontakta direkte. Vi ser ikkje trong for konsekvensutgreiing, då mogelege inngrep vil vere langt mindre enn det som det no er regulert for.

 

Samtidig melder vi oppstart av detaljregulering i medhald av PBL § 12-3 for ny veg til Bårdsgjerde. Den nye vegen skal knytast til eksisterande veg nord for Ørskog vidaregåande skule/ «Husmorskulen», og ende i overgangen til privat veg på gnr. 94 bnr. 3. Målet er å få fram trygg veg til dei som bur i området, og atkomstveg i klasse A1 med godkjent stigning og møteplassar er utgangspunktet. Prosjektering av vegtraseen vil gje endeleg planavgrening, største endring i forhold til eksisterande veg vil kome innanfor gnr. 94 bnr. 2. Dei berørte grunneigarane vert tilskrivne og innkalla til fellesmøte.

 

Detaljplan - Klikk for stort bilete

Foreløpig  avgrensing av detaljplanen

.

Lenker

 

Vedtak i kommuneplanutvalet

Varslinga bygg på følgjande vedtak i kommuneplanutvalet:

 

KP 17/18 Vedtak:

Planutvalet ber rådmannen starte prosessen med oppheving av områdereguleringsplanen for Bårdsgjerde, planID 2013004.

Samtidig ber utvalet om at rådmannen startar ein prosess for å prosjektere og detaljregulere ny veg til Bårdgjerde, der trygg veg til bebuarane er dimensjonerande.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 01.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering