Organisasjonsplan vedtatt

Nye Ålesund - Klikk for stort bilete Tone Molnes

 

Organisasjonsplanen for nye Ålesund er vedtatt etter drøftingsmøte med tillitsvalde. Prosjektet går inn i ein ny fase der dei noverande styringsgruppene vil bli avslutta.

Organisasjonsplanen for nye Ålesund er vedtatt etter fleire drøftingsmøte med tillitsvalde.

 

Her er den vedtatte orrganisasjonsplanen for nye Ålesund kommune (PDF)

De finn også dokumentet under Verktøy for tilsette > dokument.

 

 

Drøftingsmøte

På møta er også bemanningsplanar med utvalskretsar og kriterier drøfta med organisasjonane. Det  gjeld først og fremst for leiar og stabsstillingar. Dei er no vedtekne av prosjektleiinga, og arbeidet med å innsette i desse stillingane settast no i gang.Det starter mellom anna med kartleggings- og omstillingssamtaler med dei som er aktuelle for dei forskjellige stillingane, og med prioritet til verksemdsleiarstillingane først.

 

Du finn referata etter drøftingsmøta under For tilsette > Møte med tilsette.

 

Vidare arbeid i styringsgruppene

Når stabsfunksjonar og leiarar er på plass, ønsker kommunal- og stabssjefane å arbeide vidare med dei som naturleg vil vere i deira stab og kommunalområde i den nye kommunen. Det vil seie at dei opprinnelege styringsgruppene vil avslutte sitt arbeide på mange av områda.

Nokre vil tre ut av arbeidet, medan andre vil få arbeid i ulike arbeidsgrupper innanfor det aktuelle området.

Kommunane og tillitsvalde vil få tilbod om å vere med i arbeidet for å sikre geografisk spreing og deltaking frå tillitsvalde der det er naudsynt.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.03.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering