Orientering om vedtak

Sluttbehandlinga gjeld reguleringsplan for «E39/E136 Ørskogfjellet - sørsida».

informasjon. - Klikk for stort bilete

Statens Vegvesen har i samarbeid med Ørskog kommune utarbeidd forslag til endringar av detaljreguleringsplan. Planen har som mål å auke trafikksikkerheita og framkomelegheita over Ørskogfjellet ved å gje heimel til å etablere forbikøyringsfelt på stekninga Tverrelva - Dalegrova, samt å rette ut ein skarp sving. Revidert plan vart lagt ut til høyring den 09.05.2018 med frist for uttale til 28.05.2018. Det er ikkje mottatt merknader for endringa og planen vert med dette lagt fram for sluttbehandling og eigengodkjenning.

 

Innstilling til vedtak:

Med heimel i Plan og bygningslova § 12-10 vedtek Ørskog kommunestyre mindre

reguleringsendringar for detaljreguleringsplan for E39/E136 Ørskogfjellet – sørsida, PlanID 2015004.

Vedtak i kommuneplanutvalet sak nr. 32/18 vart samrøysta vedteke 04-09-2018.

Vedtak i kommunestyre sak nr.77/18 vart samrøysta vedteke 27.09.2018.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.11.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering