Ørskog kyrkje får nye fargar

Kyrkja i ny/gamal prakt - Klikk for stort bilete

I år får 9. klassingane stå konfirmant i ei nymala kyrkje!

Arbeidet med å tilbakeføre Ørskog kyrkje til dei originale fargane held fram.Tysdag denne veka starta KulturminneCompagniet frå Trondheim målararbeidet inne i kyrkja. Ørskog kyrkje vert steng for all vanleg aktivitet i fleire månader framover. Framdriftsplanen tilseier likevel at konfirmasjonsgudstenesta laurdag 5. mai kan feirast i kyrkja.

 

Gudsteneste på Kyrkjetorget

Dei næraste månadane  vil gudstenester i Ørskog sokn verte feira på Kyrkjetorget. Gravferder kan forrettast frå nabokyrkjene i Skodje eller Stordal, eller frå Sjøholt bedehus.

Det er eit meir enn 20 år langt planleggingsarbeid som no er i ferd med å verte avslutta. Ørskog sokneråd har hatt mange rundar med Biskopen og Riksantikvaren før dei kom fram til semje om at fargane i kyrkja skal tilbakeførast til slik dei var første gongen kyrkja vart måla. Koret framme i kyrkja vart måla i fjor i ein lys blåtone, og dei store glasmåleria vart også restaurerte.

 

Kyrkjeskipet sin tur

No er det sjølve kyrkjeskipet som står for tur. Houvdfargen på veggane vert ein svak raudleg fargetone, som skal gi inntrykk av sandstein – lik den som er brukt framfor hovudinngangen til kyrkja.

Det er eit omfattande arbeid som no vert teke til på, og kostnaden er meir enn dobbelt så høg som det kyrkjeleg fellesråd hadde søkt om midlar til. Rådgjevar for kyrkjebygg i Storfjorden kyrkjelege fellesråd , Arnstein Sæthre, lovar likevel at tak og veggar skal gjerast ferdig innanfor budsjettramma. Så må det søkjast om tilleggsløyving for å få ferdigstilt resten av kyrkjeskipet.

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering