Øvre aldersgrense for faste verjer

Verje - Klikk for stort bilete

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no ei øvre aldersgrense for å vere fast verje. Aldersgrensa er sett til 75 år, med verknad frå 01.01.2020.

Verja sjølv gir Fylkesmannen melding om behov for endring av verje i sine saker i løpet av det året dei fyller 75 år.  Fylkesmannen vil då starte sak om endring av verje og vi vil varslar verjehavar om endringa. Vi anbefaler at verja snakkar med verjehavar om at han/ho får ny verje.  Dersom det er forslag til ny verje i saka, eller det vurderast at det ikkje er behov for verje lenger, ber vi om at dette opplysast i meldinga til Fylkesmannen.

Hugs at du som verje må stå i rollen fram til vedtak om fritak frå oppdraget er motteke.

Du som fyller 75 år eller meir i 2020, kan melde frå om behov for endring av verje i dine saker frå 01.01.2020.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 04.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering