Regnbogeflagget til topps i dag!

Prideflagget til topps! - Klikk for stort bilete

I dag markerar vi kjærleik, mangfald og toleranse!

Denne veka er det Ålesund Pride og her i Ørskog ynskjer vi å markere det på vår måte, så i dag, tysdag 28., heiser vi regnbogeflagget og har spesial-kinoframsyning om kvelden:

  • Ordførar heiser regnbogeflagget klokka 12 utanfor kulturhuset, og viser deretter kortfilmen "Bygdehomo". Filmen er gratis og alle er velkomne til å delta!
     
  • Klokka 18.00 er det "Pride" på Ørskog kino - ei britisk perle av ein film! Billettar: kroner 70,-/100,-
     

Vi sel regnbogeflagg for Ålesund Pride på Sørviskontoret denne veka. Pris kroner 25,-

Skap deg ein god dag!

 

 

Pride

Gay pride, eller bare pride, (engelsk for «homofil stolthet») står for følgande budskap:

  • ver stolt av di seksuelle orientering og kjønnsidentitet
  • seksuellt mangfald er eit gode 
  • seksuell orientering og kjønnsidentitet er ikkje noko som bevisst kan endrast

 

 

Regnbogeflagget

Kilde: Wikipedia

Regnbogeflagget er eit populært symbol i LHBT-rørsla. Han står for stoltheit og mangfald hjå homoseksuelle, biseksuelle og transpersonar. Regnbogeflagget står òg for respekt for medmenneske og toleranse. Flagget vart til i USA på 1970-talet av Gilbert Baker og har sidan spreidd seg til heile verda. Fyrste gong flagget vart synt offentleg var under San Francisco Pride i 1978.

Opphavleg hadde regnbogeflagget åtte farger: rosa, raud, oransje, gul, indigo, grøn, blå og fiolett. Indigo og rosa vart teken vekk tidleg, rosa fordi den var vanskeleg å trykkje på stoff og fiolett fordi det fungerte betre reint praktisk når ein skulle dele flagget på to sider av ei gate under prideparaden.

Flagget har vanlegvis seks farger, med den raude øvst, men av og til er dei to ekskluderte fargene inkludert att og flagget inneheld då åtte farger. Alle fargene symboliserer ein eigenskap.

  1. Rosa - seksualitet
  2. Raud - liv
  3. Oransje - læking
  4. Gul - sola
  5. Grøn - naturen
  6. Fiolett - magi
  7. Blå - harmoni
  8. Lilla - ånd
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 29.08.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering