Renovering - Ørskog Kulturhus

Tett tak - Klikk for stort bilete

Ørskog Kulturhus vil framover få litt hardt tiltrengt oppgradering. De har kanskje lagt merke til bøtter som har stått plassert rundt om på huset? Taket lek, og no skal det bli reparert! Utføringa vil bli gjort over to perioder.

Det er satt av desse tidene til reperasjonen: 11. juni-8. august og 19. august-8. september.


Følgjande skal gjerast:

I juni starter arbeidet med å plukke av all skifer og lekter på taket mot vest, før nytt forenkla undertak og nye lekter med nye beslag blir lagt på plass og deretter skiferen lagt tilbake.  

I august startar arbeidet med foajeen: alle glass med rammeverk i foajeen skal skiftast. Den berande konstruksjonen i stål blir ståande, men da altså nytt rammeverk og nytt glass. Hurra!

 

Bestilling av lokale

Ørskog er no med i nysatsinga til Nye Ålesund www.aktivialesund.no Dette er eit informasjons - og bookingssystem for lokale ein kan leige, anten det er gratis eller mot betaling. Ørskog kulturhus og Ørskoghallen samt Frivilligsentralen ligg no inne. Der finn du og kalender som viser når lokala er tilgjengelige.

Her kan du lese meir om korleis du bestiller lokale. (PDF, 470 kB)

 

Sentral plassering, stor kapasitet, eit moderne og romsleg kjøkken,  eit fremragande kinosystem og ein stor hage gjer Ørskog Kulturhus til eit mykje nytta lokale. Det høver til dei fleste arrangement om det så er 17. mai, bryllaup eller eit fagleg møte det gjeld.

 

Frå 1988 til 2018

Ørskog samfunnshus stod ferdig i 1988, som eit resultat av dyktig organisering og stor dugnadsinnsats. Huset vart finansiert av private og bedrifter, lag og organisasjonar i kommunen og vart etablert som eit andelslag. Største andelseigar var Ørskog ungdomslag, som gjekk inn med midlane frå den tragiske brannen som la bygda sitt tidlegare forsamlingshus i ruiner. Men utan offentleg tilskott, stor og velvillig medverknad frå Ørskog sparebank og Ørskog kommune i tillegg til andelsteikning frå både private og bedrifter  hadde det nok ikkje blitt noko hus.

Drifta var i mange år basert på ein stor andel dugnad. Samfunnshuset var "samfunnet sitt hus", og mange har gjennom år ytt stor innsats for å drive og vedlikehalde huset. Om nokon skal trekkast spesielt fram, må det bli venneforreninga til huset, kalla Snurp, som i alle år har organisert basarar og messer, og kan skilte med å ha samla inn ein temmeleg så respektabel sum til huset. Mellom anna var det Snurp som stod for finansieringa av nytt kjøkken i 2005 og oppussing av herretoalettet i 2015.

Mai 2017 gjekk Ørskog samfunnshus over til å bli Ørskog Kulturhus. Namnet er endra, men det meste vil framleis vere med det gamle. Grunnlaget for denne endringa er i stor grad å gi huset eit meir tidsriktig namn som gjenspeglar aktiviteten i huset. Sjølvsagt er det samfunnets hus men det er også eit hus fyllt med kulturelle aktivitetar av alle slag. 

Som nevnt ovanfor har drifta av huset i alle år vore prega av ein stor grad av dugnad. Tidene endrar seg og med det viljen og evnen til å yte like stor fast dugnadsinnsats over tid. For å ivareta dugnads-ånda best mogleg vert det meir og meir tydelig at ein treng at kommunen i større grad tek ansvar og engasjerer seg i drifta.
  

Kapasitet

Huset er stort og her er plass til mange! Storsalen har kapasitet for inntil 460 personar, medan lillesalen har plass til inntil 95 personar. Bord og stolar kan setjast opp på fleire forskjellige måter, og er med det veldig fleksibel.

Kjøkkenet er stort og moderne, og egnar seg godt for både enkel tilbereing så vel som dei meir avanserte kokekunstar.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.06.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering