Røykvarslardagen 1. desember

Røykvarslerdagen - Klikk for stort bilete

I perioden 2000 til 2017 var det 2 688 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 342 brannar, og desember med 296. Tre personar er så langt i år omkomne i brann i Møre og Romsdal.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Michael Werner Utrykningsleder/feiar, Ørskog brann- og feiarvesen.



Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

.

Kople røykvarslarane saman

- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Werner.
 

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

.

40 000 bustadkontrollar

Om lag 40 000 husstandar over heile landet får 4. - 6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.


- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Werner.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.


røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

 


Kontaktpersonar lokalt:

Michael Werner, Utrykningsleder/feiar, Ørskog brann- og feiarvesen  tlf: 900 33 448

Leif Rune Vinje, daglig leder Elsikkerhet Møre AS,  tlf: 416 33 845

 

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering