Sjå her, unge dansarar!

danseworkshop tilpassa.jpg - Klikk for stort bilete

Fleire vil melde seg på UKM med eit dansenummer - det synes vi er veldig kjekt! I den anledning blir det danse-workshop for dei som ynskjer det med Kristy fredag 1.2. og 8.2. Her vil Kristy hjelpe kvar enkelt som stiller solo, som duo eller gruppevis og det er sjølvsagt gratis å vere med.

 

 
  • Tidspunkt: fredag 1.2. kl.13.30-15.30 og deretter vidare oppfølgingstime fredag 8.2. - tidspunkt her er ikkje heilt spikra enno.
  • Stad: på skulen, der de brukar å ha dansetimar.
  • Pris: gratis
  • Hugs å ta med ein matpakke, drikkeflaske og mobil eller liknande med din ønska musikk.
  • Påmelding til Ingrid Hjelle på Sørviskontoret: anten send ein e-post: ingrid.hjelle@orskog.kommune.no eller sms: 984 53 422
- Her er det berre å melde seg på!
 
 

Opplegget

De står i grupper, anten att med dei du ynskjer å danse med eller åleine om du dansar solo.
Fredag 1.2. startar ho med dei som sluttar 13.10 fyrst, deretter dei eldre elevane – men alle kan vere der ut tida. Kirsty vil gå frå gruppe til gruppe og vise og hjelpe, kome med tips og råd.
Så øver de heime, og kjem deretter tilbake fredagen etterpå for finpuss og justering. Og då er det berre litt over ei veke igjen til søndag 17. februar og UKM på Ørskog Kulturhus!!

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 01.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering