Snurr film!

Pitt&DiCaprio - Klikk for stort bilete

 

Kinoferien er slutt, og Ørskog kino er frå og med komande søndag klar til å starte på att med filmframsyning. - Gled dykk til mange gode filmperler utover hausten!

Anne-Marthe Rekdal, nytilsett kinosjef, annonserer følgjande filmar dei to neste helgene:

NB! Merk tidspunkta


Søndag 11. august:

  • Løvenes Konge kl. 17. - Nyinnspeling 25 år etter. Fantastisk historie og med storslagne naturbilder.
  • Diego Maradona kl. 20. - Du treng ikkje vere spesielt opptatt av fotball for å la deg fascinere av Diego Maradonas si utrulege historie. Har fått høge terningkast!


Fredag 16. august:

  • Angry Birds Filmen 2 kl. 17. - Morosam film for heile familien!
  • Norgespremiere: Once Upon a Time... In Hollywood kl. 19. - Det knyttar seg utruleg store forventningar til Quentin Tarantino sin nyaste film med Brad Pitt og Leonardo DiCaprio i hovudrollene. Sjå den på norgespremiere-dagen på Ørskog kino!

 

Programmet vidare blir lagt ut fortløpande, sjekk ut både her inne under "Kva skjer?", Bygdebladet og Ørskog kino si facebookside.

Det er planlagt visse "events" i månadane framover, men som ikkje er satt dato på enno. Til dømes: strikkekino, Ringenes Herre-maraton, Skrekk & Grøss knytta opp mot Halloween og klassikarkveld.

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering