Søknad om plass i barnehage og SFO frå august 2019

Nykvessa blyantar i mange forskjellige fargar. - Klikk for stort bilete

Det er no opna for å søke plass i barnehagar og SFO i Ørskog for dei som ønskjer oppstart i august 2019.

Ørskog kommune har samordna opptak og nyttar elektronisk søknadsskjema - klikk på lenka.

Merk: Dei som allereie har SFO- eller barnehageplass, treng ikkje søke på nytt. 

 

Endringar i høve kommunereforma

I samband med at kommunane Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund skal slåast saman til Nye Ålesund kommune frå 01.01.20, vil det kome endringar i vedtekter og prisar frå 01.01.20.

For opptak i barnehage og SFO i 2019 vil Ørskog kommune sine vedtekter for barnehage og SFO gjelde. Det same gjeld for prisar fastsett i Ørskog kommune sitt betalingsregulativ.

Frå 01.01.20 vil den nye kommunen sitt betalingsregulativ gjelde.

For opptak f.o.m. 01.01.20 vil den nye kommunen sine vedtekter gjelde.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 29.01.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering