Stem på din favoritt!

Alle kommunevåpen - folket sin favoritt - Klikk for stort bilete

Frå 11. desember til 18. desember kan du stemme fram din favoritt blant 44 idear til nytt kommunevåpen.  Du kan stemme ein gong per døgn!

1. november gjekk fristen ut for å sende inn forslag i idékonkurransen for nytt kommunevåpen. Heile 380 teikningar har kome inn, og no har komiteen kome fram til 44 forslag som skal delta i kåringa av folkets favoritt. Forslaga som har kome inn er frå barn, skuleklassar og privatpersonar.  Frå 10. desember til 18. desember blir det elektronisk avstemming på www.nyealesund.no. Du kan gi di stemme ein gong per døgn i perioden.

 

Premie og diplom

Folkets favoritt vinn ei gåveeske med lokalt produserte råvarer til ein verdi av 2.000 kroner.  Alle idear som er komne inn i idékonkurransen, kan bli med i det vidare arbeidet til komiteen for nytt kommunevåpen. Avstemminga for å finne folkets favoritt er ein symbolsk kåring, og vi skal ikkje kåre det som vil bli det nye kommunevåpenet no.

 

Gå til avstemming (lenke): http://nyealesund.no/index.php?option=com_competition&view=competition&id=1
 

 

 

 

Desse 44 konkurrerer om å bli folkets favoritt:

1.            Julie Bjørge

2.            Andreas Flem Normann

3.            Andre Peter Iversen

4.            Ane Blindheim Brandtzæg

5.            Anita Eliassen

6.            Anna Eikrem Myrvoll

7.            Beate Eiken

8.            Dag Øistein Endsjø

9.            Even Olai Vestre Røkke

10.          Hans Olav Naas

11.          Jens Petter Maude

12.          Julian Gudbrandstuen

13.          Karoline Slocum Kragseth

14.          Korinna Geisler

15.          Maria Skarbø

16.          Michael Monsen

17.          Nathalie Ringstad Tennfjord

18.          Maria Andrine Hopland Danielsen

19.          Luka Johansen Longva

20.          Håkon Austnes Hellandsvik

21.          Nicolai Eiken

22.          Ole Uren

23.          Samu

24.          Silje H. Gjethammer

25.          Yshva Datuin

26.          Theodor Klokset Lilleeng

27.          Anna Bekkebø

28.          Emma Reiten Nedrevoll

29.          Linnea Glomset Øyrann

30.          Oliver Skillestad Solevåg

31.          Amalie Benberg

32.          Jonas Finstad Austnes

33.          Patrick Sjåstad Sandanger

34.          Nora Susanne Myrheim Holm

35.          Anna Jørgensen

36.          Kine N. Skjegstad

37.          Nuy

38.          Julian Gudbrandstuen

39.          Ruth Glavee

40.          Aziz

41.          Skodje u-skole kl. 8A, fellesbidrag

42.          Eskil Lid

43.          Noah Nogva

44.          Bjørk. A. Lukkedal

 

Gå direkte til avstemming (lenke) : http://nyealesund.no/index.php?option=com_competition&view=competition&id=1


Kva skjer med dei gamle kommunevåpna?

Komiteen for nytt kommunevåpen har ein tidsplan som går ut i 2019. Komiteen skal levere ei politisk sak om kommunevåpen til fellesnemnda i mai 2019. Der vil resultat frå den lukka prosessen med grafiske byrå være med. Dei gamle kommunevåpna frå alle kommunane vil bli presenterte som alternativ som fellesnemnda må ta stilling til. 

 

Tidsplan

• 1. november: Frist for innsending av forslag.

• November: Komiteen går gjennom alle forslaga

• 11. -18. desember: Avstemming og kåring av folkets favoritt.

• Desember: Kåring av ein skolevinner.

• Januar 2019 - mars 2019: Lukka konkurranse, der eit mindre tal profesjonelle byrå, grupper eller enkeltpersonar i dei fem kommunane blir inviterte til å være med. Det vil bli sett premiss for dei forslaga som blir presenterte i denne fasen.

• Mars 2019-mai 2019: Val av 3 forslag til kommunevåpen som skal vidare til fellesnemnd, saman med kommunevåpena frå alle fem kommunane.

• Etter mai 2019: Sak opp til fellesnemnda

• Sak opp i nytt kommunestyre (hausten 2019).

* Datoane kan bli justerte.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 14.12.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering