Stikk Ut! Ski

Stikk ut på ski! - Klikk for stort bilete

Vinterutgåva av turkassetrimmen Stikk UT!

 

Endeleg har vi fått snø - og det i rikeleg monn! Sunnmøre Friluftsråd oppmodar alle til finne fram skia og kome seg ut på tur, -ein veit aldri kor lenge snøen blir liggande!

 

 

 

Følgjande kommuner vil ha Stikk UT! Ski-løyper

Dette er Sunnmøre friluftsråd sin første sesong med Stikk Ut! på vinteren. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Møre og Romsdal Skikrets har samarbeida om Stikk UT! Ski i to sesongar.

 

Her finn du løyper:

  • Sunnmøre: Ørsta, Volda, Stranda, Norddal, Stordal, Ålesund, Ørskog, Vestnes og Skodje.
     
  • På Nordmøre og i Romsdal er desse med: Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Gjemnes, Halsa, Molde, Fræna, Kristiansund, Nesset og Rauma.
     

Lesja kommune er også med og har mange fine turar i Bjorli-området.

 

Sesongen varer til påske

Sesongen starta 15. desember og varer til 2. påskedag. I byrjinga av desember blei www.stikkut.no lagt om til vinterutgåva, og her vil de finne oversikt over årets turmål.

Registrering av turane gjerast på same måte som i sommarsesongen. 

www.løyper.net kan ein finne informasjon om når løypene sist blei trakka.

 

Nyt snøen og vinteren medan vi har den - God tur!

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.01.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering