Tenester som blir berørt av overgangen til ny kommune

Sjøholt-Foto PederOttoDybvik.jpg - Klikk for stort bilete

 

Det vil vere ei rekke tenester som blir berørt av overgangen til nye kommunar. Her kjem informasjon om stenging av eigedomsregisteret og grunnboka, og nye gårdsnummer. 

Eigedomsregister stenger

13. desember klokka 18.00 vil matrikkelen (Norges offisielle eigedomsregister) bli stengt. Den vil vere stengt i ni virkedagar. Det vil ikkje bli foretatt nokon oppdateringar i matrikkelen frå 13. desember til 1. januar 2020.

 

Grunnboka stenger

27. desember blir grunnboka (register over rettigheiter i eigedom) stengt for all oppdatering. Grunnboka vil bli stengt til 1. januar 2020. Det betyr at dokument som skal tinglysast før årsskiftet bør sendast til tinglysing før 29. november.

 

Kartverket informerer

Kartverket forklarer kvifor dokument som skal tinglysast før årsskiftet bør sendast til tinglysing før 29. november.

Kartverkets informasjon til meglarar og bankar.

 

Tilgjengelege tenester

Kartverkets innsynstenester, for eksempel Seeiendom.no og e-handel, er tilgjengeleg gjennom heile perioden der registera er stengte. Tenestene viser data frå frystidspunktet og blir ikkje oppdaterte før etter årsskiftet.

 

Kva vil det seie for innbyggarane?

At matrikkel og grunnbok blir stengt/fryst, vil ikkje ha særleg innvirkning. Det vil imidlertid ikkje bli tildelt offisielle vegadresser i perioden matrikkelen er stengt.

 

 

Meglerpakken

Alle bestillingar gjort før 19. desember blir ferdigstilt 20. desember. Matrikkelrapportar i meglerpakkane vil vise informasjon ved stengetidspunktet 13. desember. Bestillingar gjort etter 20. desember vil bli behandla etter 2. januar 2020. Ein må rekne med noko lengre behandlingstid på meglerpakkar i perioden 20. desember 2019 til 20. januar 2020.

 

 

Kommune- og gårdsnummer

Ålesund kommune vil få nytt kommune nummer: 1507.

Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje vil få nye gårdsnummer, gamle Ålesund kommune beheld dagens gårds- og bruksnummer.

Før omnummerering  
kommunenummer               Gårdsnummer

Etter omnummerering          
Kommunenummer               Gårdsnummer

Ålesund  1504                                    1 - 201

Ålesund 1507                                       1 - 201

Haram   1534                                     3 - 181

Ålesund 1507                                       303 - 481

Skodje  1529                                      2 -  69

Ålesund 1507                                       502 - 569

Ørskog  1523                                   70 - 109

Ålesund 1507                                       670 - 709

Sandøy 1546                                     3 - 15

Ålesund 1507                                       803 - 815

              1546                                     2207

Ålesund 1507                                       816 - 816

              1546                                     1 - 2

Aukra    1547 (Orta, Lyngværet og Flatflesa)

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering