Testing av sireneanlegg i Ørskog

Sireneanlegg.jpg - Klikk for stort bilete

 

Tysdag 31.oktober i tida 15.00 - 16.00 vil Åknes Tafjord beredskap IKS teste ut sireneanlegget i Sjøholt sentrum. 

 

Åknes Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending.
ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

 

Tysdag 31.oktober mellom kl. 15.00 16.00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller befinn deg i Stranda eller Norddal kommune denne dagen, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa.

Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune

I Ørskog har vi for tida oppe ein tyfon, som er plassert på Sjøholt Brygge.
Det er denne tyfonen som blir testa.


Det vil og etter kvart kome opp ein tyfon ved Årøyhaugen Barnehage, og ein ved Ørskoghallen.

Vi oppfordrar spesielt til å informere borna om denne testen på førehand. Lyden frå sirenene kan verke skremmande, sjølv om det vil bli tydeleg poengtert at dette er ein test.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 92251691

 

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 02.11.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering