Tildeling av Ørskogprisen 2019

Rosebukett - Klikk for stort bilete

 

Ørskog tenesteutval handsama i møte 22. oktober saka om Ørskogprisen 2019.

Vedtak og begrunning

Ørskog tenesteutval tildeler Ørskogprisen 2019 til Ragnar Elias Bakken for hans mangeårige innsats innan kultur og idrett i Ørskog.

Ragnar har vore ein sentral skikkelse når det gjeld idrett og frivillige organisasjonar, og har hatt fleire sentrale verv.

Han har vore leiar i Ørskog Idrettslag i mange år, der det har vore gjennomført store investeringar til gode for alle innbyggarar i Ørskog kommune.
Her kan nemnast Idrettshall, kunstgrasbane, skianlegg på Brauta, skiløyper på Svartløken, og nytt friidrettsanlegg som er under bygging.

Han har ikkje gjort dette åleine, men han har hatt ei sentral rolle i gjennomføring av desse prosjekta.

Ragnar har og vore engasjert i mykje arbeid i Historielaget, og i kyrkja i Ørskog. Han har og vore ein god ambassadør for nynorsk, og vore med i styret for Skodje og Ørskog mållag.


Ørskog tenesteutval gratulerer og er glad for å kunne tildele Ørskogprisen 2019 til Ragnar Elias Bakken.

 

Ørskog kommune gratulerer!

Overrekking av prisen, som er ein pengegåve og eit innrama bilete laga av Liv Dyste Sønderland, skjer på Ørskog skulekorps sitt tradisjonelle adventsarrangement, 1. søndag i advent på Ørskog Kulturhus.

Alle er hjarteleg velkomne denne dagen, både for god førjulsstemning og for å feire Ragnar under overrekkinga av prisen. 

 

 

Program 1. søndag i advent

Søndag 1. desember på Ørskog Kulturhus.

Kl. 14.00: Kafeen opnar og det er sal av tombola

Kl. 14.30: Programmet startar

Kl. 16.00: Utdeling av Ørskogprisen

Kl. 17.00: Julegrantenning
- skulekorpset spelar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering