Tilrår nynorsk - men ingen blir tvungen

nye_alesund_kommune_sandyhagen_sandy_tonemolnes.jpg - Klikk for stort bilete

 

Formannskapet legg opp til mest mogleg valfridom for tilsette rundt målform. Dette skal klargjerast gjennom ein språkbruksplan.

Denne tilrådinga gjorde formannskapet for den nye kommunen i sitt møte  27. november. Saka skal opp i kommunestyret til endeleg avgjerd på neste møte, 12. desember. Innstillinga betyr at staten skal vende seg til kommunen på nynorsk.

 

Kva betyr det for tilsette og innbyggarar?

Formannskapet går inn for at det blir utarbeidd ein språkbruksplan i løpet av første halvår 2020. I språkbruksplanen blir det klargjort korleis språkvedtaket skal gjennomførast i praksis.

Både nynorsk og bokmål skal ivaretakast i planen.

Det er komiteen for kultur og medborgarskap som får oppgåva med å utarbeide planen. I arbeidet sitt skal dei legge til rette for best mogleg valfridom for både innbyggarar og tilsette når det gjeld bruk av målføre. Det skal leggast opp til ein høyringsprosess, der både lag og organisasjonar, innbyggarar og tilsette skal kunne kome med innspel.  

Nynorsktilrådinga er ikkje til hinder for at tilsette kan bruke det målføret dei er mest komfortable med i sitt daglege arbeid.

 

Før språkplanen er på plass

Inntil ein språkbruksplan er klar, kan tilsette bruke den målforma som dei er komfortable med i samsvar med intensjonsavtalens vedtak om språk. Intensjonsavtalens vedtak om språk gjeld fram til språkbruksplanen er vedtatt.

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering