Tilsetting av leiarar i nye Ålesund kommune

Åtte av dei ti stabs- og kommunalsjefane er på plass. To stillingar blir utlyste i oktober.

Nye Ålesund - Klikk for stort bilete

Den interne prosessen med å innplassere/tilsette i kommunal- og stabssjefstillingane er no avslutta. Gjennom eit omfattande arbeid som er utført i tett samarbeid med tillitsvalde og firmaet Yapril, er åtte av dei ti framtidige leiarstillingane besette med dyktige leiarar rekruttert gjennom den interne prosessen som har vore i dei fem kommunane. 

To av stillingane blei ikkje besette og vil dermed bli lyst ut eksternt. Dette er kommunalsjefstillinga for barn, familie og integrering og stabssjefstillinga for teknologi og digitalisering. Det er også gjort tilsetting i den nyoppretta stillinga som assisterande rådmann.

 

 

Ass. rådmann – Bente Glomset Vikhagen, 45 år

Vikhagen er i dag rådmann i Skodje kommune og har hatt denne stillinga sidan 2014.  Ho er også ass. prosjektleiar i nye Ålesund. Før ho blei rådmann var ho ass. rådmann i 2 år, og kontorsjef i 1 ½ år.  Ho har også vore einingsleiar for barnehage i 6 år.  Anna leiarerfaring som styrar for ein privat barnehage i Trondheim i 3 år.

Bente Glomset Vikhagen har master i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda, 2012.  Ho har også bachelor som førskolelærar frå Høgskulen i Volda, 1995.  Vidare har ho tatt vidareutdanning innan spesialpedagogikk, småskolepedagogikk og teiknspråk.

 

Kommunalsjef helse og omsorg – Synnøve Vasstrand Synnes, 48 år

 

Synnes er i dag rådmann i Ørskog kommunen. Ho er også ass. prosjektleiar i nye Ålesund. Før ho blei rådmann i Ørskog, var ho rådmann i Sande i 1 år.  Ho har hatt leiarstillingar i kommunesektoren sidan 2001 -  mellom anna som kontorsjef og ass. rådmann i Skodje kommune.  

Synnøve Vasstrand Synnes er cand. jurist frå Universitetet i Bergen, 1995.

 

 

 

Anne Mette Liavaag Bente Glomset Vikhagen Bjørn Ivar Rødal Lars Fylling Malin Piegsa Ole A Søvik Roar Reiten Solveig Aarø Synnove Vasstrand Synnes

 

 

 

 

 

Kommunalsjef velferd og sysselsetting – Solveig Aarø, 55 år

Aarø har dei siste 3 åra vore teamleiar for helse og omsorg i Ålesund kommune.  Ho kom då frå stillinga som einingsleiar i Haram kommune, der ho var leiar i 9 år.  Før ho starta i kommunesektoren, hadde ho ulike stillingar i sjukehus/helseføretak.  Ho har mellom anna vore avdelingssjukepleiar på Ålesund sjukehus i 8 år.

Solveig Aarø har master i kunnskapsleiing frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og Copenhagen Business School, 2015.  Ho har også bachelor i sykepleie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

Kommunalsjef opplæring – Bjørn Ivar Rødal, 60 år

Rødal er i dag kommunalsjef for kultur og oppvekst i Ålesund kommune. Ei stilling han har hatt sidan 2009. Han har hatt ulike leiarstillingar sidan 1988 i Skodje og Ålesund. Han har brei erfaring frå fleire kommunar som Ørskog og Sula kommune.  

Bjørn Ivar Rødal er utdanna kommunalkandidat innan samfunnsplanlegging og økonomi frå Distriktshøgskolen i Møre og Romsdal,  1980.

 

Kommunalsjef kultur og medborgarskap – Malin Piegsa, 47 år

Piegsa har sidan juni i år vore ass. rådmann i Skodje kommune. Tidlegare var ho personalsjef i kommunen, ei stilling ho hadde i ca. 4 år. Før dette var ho folkehelsekoordinator i fleire år.  Piegsa har også erfaring frå ulike stillingar ved Ålesund sjukehus og Muritunet.  Ho var sjølvstendig næringsdrivande i ein 9-års periode.

Malin Piegsa har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing og bachelor innan fysioterapi frå Hälsouniversitetet Høyskole/Universitet i Linköping, 1994. Ho har i tillegg tatt mellomfag i kristendom ved Høgskulen i Volda, 2013.

 

Kommunalsjef tekniske tenester – Ole Andreas Søvik, 59 år

Søvik er i dag plan- og bygningssjef i Ålesund kommune. Ei stilling han har hatt i 2 periodar. Samla sett har han hatt denne leiarjobben i 6 år. Mellom dei to periodane, var han dagleg leiar i ÅKE (Ålesund kommunale eiendom) i ca 2 år. I kommunen har han vore leiar på ulike nivå sidan 2009.  Før dette var han på ulike arkitektkontor, der han også hadde ulike leiarposisjonar.  Han dreiv eige firma i 10 år.

Ole Andreas Søvik er utdanna sivilarkitekt frå NTNU, 1985.

 

Stabssjef personal og organisasjon – Roar Reiten, 50 år

Reiten er i dag personal- og organisasjonssjef i Ålesund kommune, ei stilling han har hatt sidan 2007.  Han har i mange år arbeidd i forsvaret - i ulike leiarstillingar sidan 1988. I perioden før han starta i Ålesund kommune, var han personalsjef (Director HR & SHE) i Volvo Acro.

Roar Reiten er utdanna i forsvaret.  Han har til saman 6 års utdanning ved befalsskolen og Krigsskolen – avsluttande eksamen 1992.

 

Stabssjef økonomi og verksemdstyring – Lars Fylling, 42 år

Fylling er i dag økonomisjef i Skodje, ei stilling han har hatt dei siste 3 åra.  Før dette var han økonomisjef ved Brødrene Midthaug A/S i 3 år.  Fylling har brei erfaring frå ulike stillingar innan bank og finans. Han har også arbeidd ein kortare periode i Skatt Midt-Norge.

Lars Fylling er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, 2001.

 

Stabssjef plan, samfunn og næringsutvikling – Anne Mette Liavaag, 54 år

Liavaag er i dag kommunalsjef for helse og omsorg i Ålesund kommune – ei stilling ho har hatt sidan nyttår 2018. I ca 2 år før, var ho strategi- og utviklingssjef i  kommunen.  Åra før var ho rådgivar/prosjektleiar i Sunnmøre Regionråd.  Ho har elles arbeidd i mange år i Diabetesforbundet der ho óg var leiar i 6 år. Liavaag var leiar for Brisk kompetansesenter i 2 år.

Anne Mette Liavaag har bachelor i mangement frå Handelshøyskolen Bi Oslo frå 1992.  Vidare har ho tatt master innan samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda – siste eksamen gjenstår.

 

 

Rådmennene

Kva så med dei tre rådmennene som ikkje er på denne lista - Liv Stette i Ålesund, Turid Hanken i Haram  og Anny Sønderland i Sandøy? Gjennom kartleggingssamtalar har dei formidla at dei ikkje har som primærønske å gå inn i ei leiarstilling.  Dei vil få tilbod om spesialrådgivarstillingar under rådmannen innan fagområda organisasjonsutvikling og samfunnsutvikling.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 10.10.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering