Tilskot for inkludering av barn

Tilskot for inkludering av barn - Klikk for stort bilete

Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan no søke om tilskot for å legge til rette for at barn og ungdom i familiar med lave inntekter kan ta del i organiserte aktivitetar på linje med andre barn.

Søknad gjennom søknadsprotalen til BUFDIR  https://soknadsportal.bufdir.no/#login

Søknadsfrist 10.desember 2018.

 

Målet

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre muligheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er råd ha lave eller ingen kostnader.

 

De kan søke om tilskot til tiltak som:

•legg til rette for at barn og ungdom i lavinntektsfamiliar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar

•legg til rette for at barn og ungdom i lavinntektsfamiliar kan ta del i ferieaktivitetar

•legg til rette for deltaking for barn og ungdom frå lavinntektsfamiliar på alternative meistringsarenaer

 

Meir informasjon kan du sjå her: https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barnefattigdom/

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.11.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering