Tilskot frå Bufdir

Youth - Klikk for stort bilete

 

Søknadsfrist for å søke tilskot frå Bufdir er 13. desember. Lag, foreiningar og andre kan søke pengar til opne møteplassar for barn og unge.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har no ute ei tilskotsordning til barn og unge i alderen 10 til 20 år, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Tilskotsordninga er meint å stimulere til etablering og utvikling, snarare enn å gi driftstilskot. 

 

Ein kan søke om støtte til tiltak/prosjekt som vidareutvikler eller etablerer opne og inkluderande møteplassar for målgruppa. Støtte gjennom tilskotsordninga er i utgangspunktet avgrensa til tre år og det er krav om ein konkret plan for vidareføring for tiltak som mottek støtte.

 

Sjå meir om tilskotsordninga og søk inne på Bufdir sin nettside innan 13. desember.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 28.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering