Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No bed brannsjefen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.
- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier feiar og brannkonstabel Michael Werner.
.
Byt batteri i røykvarslaren
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, seier Werner.
.
Desember og januar mest brannfarleg
Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.
- Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier Werner
På www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
Kontaktpersonar lokalt:
Michael Werner feiar/brannkonstabel Ørskog brann og redning. 900 33 448
.
Fakta:
Totalt har brannvesenet rykt ut 907 gongar til bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i løpet av 2018.
Talet på bustadbrannar på natta per fylke:
Fylke
|
Tal
|
Oslo
|
207
|
Trøndelag
|
75
|
Hordaland
|
69
|
Akershus
|
58
|
Rogaland
|
58
|
Vestfold
|
50
|
Vest-Agder
|
45
|
Nordland
|
43
|
Østfold
|
41
|
Oppland
|
38
|
Buskerud
|
36
|
Møre og Romsdal
|
35
|
Aust-Agder
|
34
|
Telemark
|
32
|
Finnmark
|
28
|
Hedmark
|
26
|
Troms
|
20
|
Sogn og Fjordane
|
12
|
Totalt
|
907
|
|
|