Totalforbod mot bruk av open eld

Det er no totalforbod mot bål utandørs. - Klikk for stort bilete Brannsjefen melder om at det no er stor fare for skogbrann i området her, og det er innført totalforbod mot bruk av open eld. 

 

Her er reglane under totalforbodet
 

Dette kan du gjere: 

  • Grille i din eigen hage med aktsemd

Merk! Ved prekære hendingar kan brannvesenet legge ned forbod mot ALL ild, sjølv i eigne hagar. Dette vil bli formidla i ei pressemelding og via lokale medier.

 

Dette kan du ikkje gjere:

  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffebål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs
  • Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleiken av skog og mark
  • Det er ikke lov å tenne bål og grille i strandsona
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassar
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Hageavfall kan leverast inn på avfallsmottak.
Publisert av Bente Gravem Holmeide. Sist endra 02.05.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering