Totalforbodet er oppheva!

Det er no totalforbod mot bål utandørs. - Klikk for stort bilete

I slutten av mai innførte brannvesenet totalforbod mot å gjera opp eld utandørs i Ørskog kommune. No sender brannsjefen ut melding om at han opphevar det totale brannforbodet, men minner samstundes på at i perioden 15. april til 15. september har vi eit generelt brannforbod.

Her kan du lese meir om bålbrenning: https://www.orskog.kommune.no/tenester/natur-og-miljo/balbrenning/

 

Du treng ikkje søke om å få brenne bål, men du må melde frå til kommunen - bruk meldingsskjema. Denne meldinga går då til brannsjefen i Ørskog, Kjell Arve Lid.

I tillegg ringer du Ålesund Brannvesen 70 11 99 99 rett i forkant av tenning og gir dei følgande informasjon:

  • Namn på ansvarleg
  • Telefonnummer til ansvarleg
  • Adresse - så nøyaktig som mogleg, helst gateadresse eller gnr/bnr.

 

 

29. mai i år la vi ut følgjande melding:

Det fine veret har ført til at det er særs tørt i fleire område i regionen vår, og skogbrannfaren er difor stor i fleire kommunar i Møre og Romsdal. Og indeksen er aukande. Dei siste dagane har brannvesenet rykka ut til fleire gras- og lyngbrannar i fylket. Når det er så tørt som no skal det lite til før det startar å brenne, seier brannsjef Kjell-Arve Lid.

Frå 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp bål og grille i naturen. I denne perioden er det kun lov å gjere opp eld der det tydeleg ikkje kan medføre brann, og er då på eige ansvar og risiko.

 

All bruk av eld representerar no brannfare

I desse dager er det så tørt i vegetasjonen at all bruk av eld i naturen representerar ei brannfare og difor innfører brannsjefen no totalforbud. Forbodet gjeld til det kjem nedbør av ei viss mengde. Brannvesenet vil opplyse når totalforbodet opphøyrer.

 

Kva innber totalforbodet?

Brannsjefen kan ved særskilte vertilhøve legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. I slike høve blir situasjonen vurdert til at det ikkje er trygt å gjere opp eld ute, sjølv ikkje på godkjente bål- og grillplassar.

Om det blir lagt ned totalforbod i sesongen når det allereie er eit generelt forbod, vil totalforbodet gjelde fram til ein vurderar at faren er over.

 

Her er reglane under totalforbodet

 

Dette kan du gjere: 

  • Grille i din eigen hage med aktsemd

Merk! Ved prekære hendingar kan brannvesenet legge ned forbod mot ALL ild, sjølv i eigne hagar. Dette vil bli formidla i ei pressemelding og via lokale medier.

 

Dette kan du ikkje gjere:

  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffebål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs
  • Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleiken av skog og mark
  • Det er ikke lov å tenne bål og grille i strandsona
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassar
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Hageavfall kan leverast inn på avfallsmottak.
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 24.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering