UKM - klar til å bli med?

UKM 2019 - Klikk for stort bilete

Søndag 17. februar er det UKM i Ørskog!
Alle som er mellom 10 (eller fyller 10 i løpet av 2019) og 20 år, som har noko ein likar å halde på med – anten ein er ganske god eller berre litt god – kan melde seg på UKM!

 

Kjenner du nokon som bør melde seg på UKM?

(UKM = Ung Kultur Møtes, tildlegare kalla ungdommens kulturmønstring)

 


Nei, det er ikkje ein song-konkurranse

Hugs at UKM er ikkje ein konkurranse, men ei mønstring. Sjølv om ein skal velje ut nokon av innslaga til å representere fylket sin ungdomskultur på ei fylkesmønstring (og nokon vil til og med vere så heldig og bli sendt vidare til landsfinalen!), er UKM først og fremst ein stad der ungdomen får synt fram kva dei interesserer seg for. Merk berre at aldersgrensa for å delta på lokalmønstringa i Ørskog er 10 år, men ein må vere 13 år for å bli sendt vidare til fylkesmønstringa. Det er 3 sceneinnslag og 2 kunstverk som kan bli sendt vidare frå Ørskog, og maks 18 personer.
 


Du kan delta med alt

Du kan delta med nær sagt kva som helst: film, trommesolo, trommeorkester, dansenummer, synging, turning, stand up, fotballtriksing, skateboard-triksing, teikning, noko du har snekra, filma eller strikka - og alt der i mellom. Det finst nesten ikkje grenser. Du kan delta åleine, saman med ein venn eller ei heil gruppe - du bestemmer!
UKM er så absolutt for alle, og dess fleire, dess betre!

 


Arrangør

I år er det 7. klasse skal arrangere UKM Ørskog, og det gledar dei seg stort til! Arrangementet har som fokus å vise frem alle dei flotte interessene til ungdommene i bygda vår. Ver ikkje redd for å bli med - her er det rom for alle, uansett nivå og interesser.


**Meld deg på på www.ukm.no innan 10. februar**

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 12.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering