UKM - vel blåst!

UKM! - Klikk for stort bilete

 

 

Då har vi fått nokre dagar på å samle oss på, og kan sjå tilbake på nok ei super samling ettertrykkeleg gjennomført!

Arrangørar i år har vore 7. klasse. Skrive og henge opp plakatar, selje bilettar, vere konferansier og organisere og selje i kiosken - det fiksar denne gjengen lett!

Stor takk til alle deltakarane som var med på å gjere UKM til eit så flott arrangement som det vart - alle er så flinke! Etter mykje øving stiller dei opp på UKM, nokon for fyrste gong, andre for veteranar å rekne. Litt nervar, men mest glede og forventning for å vise publikum kva dei liker å gjere på i fritida si. Og javisst var der kunstutstilling! Vi fekk sjå både teikningar, maleri og flott sømarbeid. Vi takkar for at de deler det med oss, og kan ikkje gjere anna enn å bøye oss i støvet.

Med Jonny Titlestad i bresjen som bygger opp scena og styrer lyd og lys, er det ikkje noko som manglar. Proft skal det vere for dei unge!

 

 

Fagpanelet

Harald Hatlen, Carsten Nielsen og Kari Stavdal utgjorde vårt eminente fagpanel i år og vi takkar dei for at dei ikkje berre stilte med si erfaring, men og for positiviten dei brakte med seg inn i arbeidet!

Eit av fagpanelet sine oppgåver er å gi ei positiv og fagleg vurdering av deltakarane sine produkt; både dei som står på scena og dei som deltek på utstillinga.

.

Vidaresending

UKM (Ung Kultur Møtes) er eit nettverk av små lokale festivaler der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar videre til ei fylkesmønstring som representantar for si kommune. Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakere til den nasjonale UKM-festivalen.

Fagpanelet si utvelging skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalte deltakerane skal spegle bredda i den lokale mønstringa. Trekløveret vårt skal velge mellom dei som er i alderen 13-20 år (dei kan delta frå og med 10 år, men blir ikkje vidaresendt til fylkesmønstringa før dei er 13).  Premien for dei som går videre er å få stå på en enda større scene, og treffe ungdommer fra andre deler av landet. Nokre får og høve til å representere UKM som ambassadører utanfor landet sine grenser.
UKM er ingen konkurranse, det er ei mønstring av ungdom og det dei har lyst til å vise fram.


Hadde det vore opp til oss, hadde kvar einaste ein gått rett vidare til fylkesmønstringa! Men vi har tildelt ei kvote som vi må halde oss til, og dei som går vidare frå Ørskog er:

  • Ida Øie - dans /ballett
  • Bjørk Anderson Lukkedal - dans /moderne og jazz
  • Nathalie Ringstad Tennfjord - sang /"A million dreams"
  • Mariell Fosseng Sjøholt - kunst /"Bak fasaden"
  • Kine Nybø Skjegstad - kunst/"Einsam sommerfuggel"
  • Nasib Bile Dahir - kunst/"Krølleverden"

Gratulerer!!

Fylkesmønstringen er frå fredag 3.-5. mai i Kristiansund. De vil få tilsendt informasjon kring den helga etter kvart. Men det vi kan love, er at det blir ei oppleving med forestillingar, workshops og sosiale aktivitetar som vi vonar de vil minnast med glede!     

 

Nokre få bilete, berre..

Vi har diverre ikkje kjempemange bilete frå lokalmønstringa i år, men her er eit knippe knipsa av Lars Inge Jakobsen. Har du nokre bilete du vil dele, send dei gjerne på e-post: ingrid.hjelle@orskog.kommune.no

Dance Moves Det begynner å fylles opp Fagpanelet - Harald Hatlen, Kari Stavdal Carsten Nielsen Ida Øie Johsva Tafjord Myren Kioskgutta - Eskil B. Jakobsen, Even Olai V. Røkke og Silas Hanestadhaugen Klar til å selge bilettar - Andreas O. Fjørtoft og Matias Stokke Klar til å selge bilettar - Kine N. Skjegstad, Bjørk A. Lukkedal, Petra R. Hjelle og Oleanna Grande Nasib Bile Dahir - konferansier Olea Hole Sjåstad The 4 Girls Ørskog skulekorps
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 12.03.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering