Unge båtbyggarar

Naustarbeid - Klikk for stort bilete

 

14 elevar ved Ørskog skule bygger færing i valfaget «Levande kulturarv». Valfaget starta ved skulestart i haust, og dei ivrige elevane har allereie vore på saga og arbeidd. No er det bygging i skulenaustet!

 

  • Det er fantastisk at så mange ønsker å lære og bygge færing, strålar rektor, Kjell-Øyvind Aarseth. Han er prosjektleiar og var initiativtakar til at skulen søkte støtte til å få vere med i  prosjektet; Tradisjonsbåt- bygging og bruk. Praktisk handverksfag blir innført som nytt valfag i ungdomsskulen og er no tilgjengeleg som en forsøkslæreplan. Kommunar og skular som ønskjer det, kunne ta i bruk valfaget frå hausten 2019.
  • Elevane skal lære klinkbygging, ein kjend måte å byggje båt på.
  • Det dei skal bygge, er ein tradisjonell klinkbygd 15 fots færing. Denne typen færing, med æsing, skvettrip og fenderlist, var vanleg å bygge på Sunnmøre og Romsdal frå omlag 1930 og utover hundreåret, heilt til plastbåten tok over, fortel han.

Båten blir utstyrt med tiljer, tofter, ausekar og årer og får ein storleik som elevane lett kan handtere - at elevane sjølve kan både setje ut og drage opp att båten med handemakt vil gjere han lettvint å bruke.

Båten skal brukast av elever ved skulen, og saman med Sunnmøre Friluftsråd og Frivilligsentralen vil skulen legge til rette for at han kan lånast ut til andre interesserte utanom skuletida.

Elevane får god hjelp til å bygge båten. I tillegg  vil formidling av tidlegare og framtidig bruk stå sentralt.

  • Båtbyggjar Ragnvald Holvik er involvert, saman med dei to dyktige, engasjerte og kunnskapsrike lærarane Asger Kvernberg og Elling Giskemo Ødegård!

 

 

Valfag

Det er elevar frå 8. – 10. klasse som har meldt seg til valfaget praktisk handverksfag. Faget skal gje elevane praktiske erfaring med eitt eller fleire handverk og bidra til at dei opplever mestring i skapande arbeid. Elevane kan gjennom valfaget prøve ut ulike sider av handverksfag og bli betre kjende med kva ulike yrker inneber. Målet er at dei skal stå betre rusta når dei skal velje linje på vidaregåande skule.

 

Sponsormidlar

Sparebankstiftelsen DnB har gitt 160 000,- kroner til prosjektet. Dette er ein del av ei bredde-gåve på 7,9 millionar kroner, som skal fordelast på prosjekt over heile landet over fire år. Formålet er å sikre at kunnskapen om bygging og bruk av norske tradisjonsbåtar blir ført vidare. Det er Forbundet Kysten som tildeler midlane etter individuelle søknadar. Prosjektet er også støtta av lokalt næringsliv.

 

Kontaktperson

For meir informasjon, kontakt rektor og prosjektleiar Kjell-Øyvind Aarseth: 995 35 393

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 07.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering