Utleige av basseng og møterom på Ørskog skule

Basseng.jpg - Klikk for stort bilete Det vert no mogeleg å leige basseng og møterom på Ørskog skule.

Ein revisjon av utleigereglementet for kommunale bygg må gjennomførast.
Dette vil ta litt tid, - og i mellomtida opnar ein for midlertidig utleige av bassenget og møterom på Ørskog skule.

 

 

Lag, organisasjonar og privatpersonar som ønskjer å leige bassenget eller møterom denne hausten må sende elektronisk søknad om dette. Ein kan leige for jamnleg bruk eller for eingongshendingar.
 

Her er elektronisk skjema til søknaden.  (Ein finn det under Sjølvbetening på Ørskog kommune si heimeside).


Den som søker før 3. september vert med i første runde med tildeling av faste tider i bassenget, den som søker etterpå får tider så langt det er ledig.

 

Alle som skal låne nøklar og vere ansvarleg for grupper i bassenget må ha godkjend livredningskurs.

Kurs/prøve vert arrangert i nær framtid.

 

Publisert av Bente Gravem Holmeide. Sist endra 14.09.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering