Valdagen 9.9.

Val - Klikk for stort bilete

 

I dag er det kommunestyre- og fylkestingval, samt kyrkjeval! 


Alle veljarar som tidlegare var manntalsførte i ein av dei kommunane som frå 01.01.2020 utgjer nye Ålesund kommune (dvs. Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund) er no manntalsførte i Ålesund, og kan stemme ved eit av totalt 14 vallokale i kommunen. Sjølv om det på valkortet ditt står kva krets du tilhøyrer kan du fritt velje mellom dei 14 vallokala på lista ovanfor.

 

 

Opningstid

Valting i nye Ålesund kommune er måndag 9. september klokka 10.00 – 21.00 i alle vallokale, med unntak av Fjørtoft krets med opningstid klokka 15.00 – 20.00 og Lepsøy krets med opningstid klokka 13.00 – 20.00.

 

 

Valkretsar i nye Ålesund kommune

 
Hessa, Skarbøvik og Aspøy Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
Sentrum Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)     Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog Ørskog kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy Sandøytunet

 

Kyrkjevalet

Har også stemmelokale på Ørskog Kulturhus, men merk at inngangen er på baksida av huset.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 12.09.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering