Varslingstesting torsdag 2.mai

Varsling - Klikk for stort bilete

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. Dette er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane. ÅTB skal no teste systema torsdag 02. mai mellom kl. 15.00 – 15.30.

 

Vil du gje ei tilbakemelding på testen, kan du gå til dette skjemaet:

https://app.easyquest.com/q/s2L3Q

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse, eller oppheld deg, i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune, samt delar av Sykkylven kommune. 

Vi oppmodar til å informere barna om denne testen på førehand.

 

I samanheng med test av befolkningsvarsling torsdag 2. mai, er det utarbeida ei spørjeundersøking. Gi di tilbakemelding her:
https://app.easyquest.com/q/s2L3Q

 

 

 

Viktig å teste

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.

 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS på epost: post@aknes.no eller tlf. 485 03 988.

Du kan gi tilbakemelding på testen til ÅTB her.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 10.05.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering