Vårt eminente fagpanel!

Fagpanelet på plass!.jpg - Klikk for stort bilete

Også i år har vi eit flott trekløver som har takka ja til å sitte i fagpanelet til UKM: Harald Hatlen, Carsten Nielsen og Kari Stavdal. Det er utruleg kjekt når ein ringer og får eit positivt "Ja, det vil eg vere med på!" - Det gjer oss både glade og takksame!

Harald har sjølv jobba som musikar, Carsten er lærar på skulen og underviser i, mellom anna, kunst og handtverk. I fagpanelet skal det og vere ein ungdomsrepresentant, og i år er vi så heldig vi har fått med Kari, som er ungdommens ordførar og sjølv tidlegare har delteke på UKM!

 

Oppgåver

Eit av fagpanelet sine oppgåver er å gi ei POSITIV og fagleg vurdering av deltakarane sine produkt; både dei som står på scena, dei som viser film eller som deltek på utstillinga. Kvar deltakar/gruppe vil få ei individuell tilbakemelding frå fagpanelet som skal MOTIVERE til å arbeide vidare.

 

Vidaresending

UKM (Ung Kultur Møtes) er eit nettverk av små lokale festivaler der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar videre til ei fylkesmønstring som representantar for si kommune. Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakere til den nasjonale UKM-festivalen.

Fagpanelet si utvelging skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalte deltakerane skal spegle bredda i den lokale mønstringa. Juryen skal velge mellom dei som er i alderen 13-20 år (dei kan delta frå og med 10 år, men kan ikkje vidaresendast til fylkesmønstringa før dei er 13).  Premien for dei som går videre er å få stå på en enda større scene, og treffe ungdommer fra andre deler av fylket. Kommunen dekker reise og opphald for dei som går vidare frå Ørskog.
UKM er ingen konkurranse, det er ei mønstring av ungdom og det dei har lyst til å vise fram.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 29.01.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering