Verdas vakraste flashmob!

Bli med og dans! - Klikk for stort bilete

Kom sol kom regn! Vi inviterer innbyggarane i nye Ålesund til å bli med på verdas vakraste flashmob. Det skal filmast tre plassar der innbyggarane kan vere med: på Harøya i Sandøy, på Skodjebruene i Skodje og på byfjellet Aksla ved dammane i Ålesund!

Høstscena og Teatret Vårt, i samarbeid med Panta Rei danseteater og nye Ålesund kommune, arrangerar flashmobs 6.–9. juni i Ålesund og omegn. Du får fleire moglegheiter til å vere med, alt etter kva som passar. Dette blir verdas vakraste flashmob!

Hendinga skal filmast og klippast saman av ein profesjonell filmregissør floge inn frå England. No mobiliserar vi i det vide og det breie for å få alle innbyggarne til å stille opp i Sandøy, Skodje og i Ålesund!

 

Regionen vår er i ferd med å gjennomgå store endringar, og i samarbeid med nye Ålesund kommune, ynskjer Høstscena Festival å bidra til å synliggjere alle som er viktige for dette fellesskapet. I dagane 6.-9. juni vil ulike miljø involverast i ein flashmob.

Vi beveger oss mellom Sandøy og Håp i Havet, og til Skodjebruene der nokre av ordførarane stiller opp. Tøffe brannmenn byr på seg sjølve i Ørskog, og born dansar i Haram. Det heile avsluttast laurdag 9. juni på Aksla ved dammene.

 

Her kan du vere med å vise fram Ålesundregionen:

  • Onsdag 6. juni klokka 19.00–21.00 på dei gamle bruene i Skodje
  • Torsdag 7. juni klokka 09.00–11.00 ved Håp i Havet på Harøya i Sandøy.
  • Lørdag 9. juni klokka 12.00–14.00 i Ålesund ved dammane på byfjellet Aksla
    Køyr saman og parker ved Aksla stadion! Det er smal veg utover mot Fjellstua og mange turister på vegane.

 

Om dansen

Denne dansen kan også gjerast sittande, om nokon treng det. Då gjer du berre armbevegelsane.


Her er ein øvingsvideo til dansen vi skal danse:


Øvingsvideo!


Om nokon ynskjer å vente med å lære dansen til de kjem til innspilling, så er det heilt greit. Det vil vere instruktørar på staden som er vane med å jobbe med alle typar gruppe. Dei får alltid eit hyggeleg resultat på film!

Flott om de kjem til innspillinga med mykje energi, glede og «guts». Vi er ikkje ute etter dei beste danserane, men å vise at alle kan danse!

Om de lurer på korleis filmen kan bli sjåande ut, sjå på denne frå Ål:

 

Flashmob frå Ål på Facebook

 

Om prosjektet

Filmen er ein del av det nasjonale TILT-prosjektet som har som mål å få store delar av Norge til å danse eller sjå dans. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 07.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering