Vi har alle eit ansvar!

Buzzy dag på jobben. - Klikk for stort bilete

I dag mottok alle ordførarar og rådmenn i Møre og Romsdal eit brev frå fylkemann Lodve Solholm.

Brevet, med tittelen Forsøpling - vi har alle eit ansvar! (PDF, 227 kB), omhandlar forsøpling og at fylkesmannen vil prioritere dette satsingsområdet høgt i sitt siste år i stolen. Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet, og han oppmodar difor rådmenn og ordførarar til å mobilisere i sine kommunar.

 

Tilskot og forbod

Tilskot mot marin forsøpling er ei av mange støtteordningar staten har for å hindre forsøpling. Her kan du sjå ei fullstendig liste over vrakpant og tilskotsordningar. (PDF, 62 kB)


I Noreg er det forbod mot forsøpling. Ingen kan tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verkje skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.

 

Det hjelp ikkje å rydde, seier Solholm, dersom vi ikkje også endrar haldningane våre til det å forsøple! Vi må alle saman gjere alt vi kan for å bygge gode haldningar og setje i gang tiltak, slik at vi framleis kan sjå mot ei trygg framtid for folk og natur. Vona er at alle kommunane i Møre og Romsdal vil bidra i dette arbeidet.

 

Med små tiltak kan vi alle bidra til eit betre miljø

Brevet frå fylkesmannen gjeld dei større liner i samfunnet, men ned på mikronivå kan vi alle bidra - her ser du nokre tips frå Naturvernforbundet:

  • I hus og hage: plante humlevennlege planter, etterisoler loftet og et opp maten. Kildesorter. Gjenbruk, miljømerke og reparasjonar er viktige stikkord når vi går til innkjøp av inventar, klær og sko.
  • Ferie og fritid: opplev stader nært deg. Ikkje la det ligge igjen spor etter deg. Gå meir, køyr mindre.
  • Kast litt mindre: Planlegging, kvalitet og gjenbruk. Ta vare på det du har.
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 30.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering