Vintertelting

Vintertelting under nordlyset. - Klikk for stort bilete

Sjølv om det er mørkt og kaldt ute, så betyr ikkje det at ein ikkje kan ha fine opplevingar i naturen. Vintertelting er ei artig oppleving for både store og små, men det er greit med litt førebuing.

Allemannsretten gir oss lov til å telte i utmark, året rundt. Men hugs at teltet ikkje må plasserast nærare enn 150 meter fra bebodde hus og hytter, og at ein har lov å la teltet stå i to dagar.

 

Hugs at opplevinga kan bli like fin om du tar ei overnatting i nærområdet, som ein tur på snaufjellet. Ull er gull! Ikkje gløym å ta med tjukke klede som ullgenser og dunjakke til å ha på når ein skal sitte i ro ved/i teltet.

Det som og er viktig, er å pakke med seg nok mat, sidan vi treng meir energi på vinteren enn om sommaren.

-

10 gode tips for vintertelting: 

  • Ta ein tur i nærmiljøet fyrst for å teste ut telt og utstyr
  • Pakk utstyr i vanntette posar eller søppelsekkar
  • Ikkje bruk for lang sovepose
  • Isoler godt under der du skal sove med liggeunderlag, - anten med reinsdyrskinn eller granbar
  • Gå på toalettet før du legg deg
  • Få varmen i kroppen FØR du legg deg i soveposen
  • Ha med ekstra skift ullundertøy – og ta på deg tørre klær før du legg deg i soveposen
  • Ha med nok drikke og vann – og spis gjerne noko varmt før du legg deg
  • Kok opp vatn, fyll dette på tomme vatnflasker, og bruk som varmeflaske
  • Sett teltopningen vekk fra vindretninga og fest teltpluggar og bardunar med skistavar

 

Her kan du lese meir: http://www.norskfriluftsliv.no/gode-tips-for-vintertelting/

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.11.2016
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering