Ferie for alle i regi av Røde Kors

Ferie for Alle gir barn mulighet til gode ferieopplevelser.  - Klikk for stort bilete

Mange barn får ikkje dei sosiale opplevelsene dei treng fordi familien strevar økonomisk. Ferie for alle er eit gratis ferietilbod til desse familiane.

 

Gjennom Ferie for alle får familiar med svak økonomi tilbod om ei aktiv ferieoppleving for heile familien. Dette er ein familieferie og eit av barna må vere i målgruppa 6-13 år.

 

Gode opplevingar saman

For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, slik at dei saman deler gode opplevingar og skaper felles minner. Ferie for alle er ein aktiv ferie, leia av Røde Kors-frivillige. Både barn og vaksne er med på mange og varierte aktivitetar og det vert lagt godt til rette for at alle skal få fine opplevingar saman.

 

Tur 1: 16.–21. juli,  går til idylliske Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. Her er det mykje flotte utandørsaktivitetar, som kanopadling, fisketurar, hesteridning og eit eige bakehus. I tillegg har senteret eige innendørs svømmebasseng.

 

Tur 2: 29 juli–3. august, går til fjells og Røde Kors-plassen Merket i Valdres. Dette er i Oppland fylket. Her blir det mykje aktiviteter i frisk fjelluft. Kanopadling, mesternes mester, elgsafari og eigen vikingleir er blant aktivitetane.
 

Alle utgifter (opphald, mat og aktivitetar) blir dekt av Røde Kors, og det blir og satt opp buss frå fylket som ein kan nytte gratis. Reiseleiarar frå Røde Kors er med på turen.

 

Søknad

Har du spørsmål, kontakt Asbjørn Wille, anten på telefon 902 67 320, eller via e-post: asbjorn.wille@redcross.no


Du kan ikkje søke Ferie for alle som privatperson, men må fyrst vende deg til ditt NAV-kontor, skolehelsetenesta, barnevernstenesta, sosialtenesta eller andre offentlege instansar. Dei vil hjelpe deg vidare og sende inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.


Søknadsfrist: 7. mai 2018
 

Her finn du meir informasjon om Ferie for alle
 

Her er elektonisk søknadsskjema for Ferie for alle 2018

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.03.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering