Røykvarslaren sin dag 1. desember

Ørskog brannvesen og røykvarslar - Klikk for stort bilete

Torsdag 1. desember er Røykvarslaren sin dag med tid for bytte av batteri og testing av røykvarslar. Desember er den månaden det brenn mest i Noreg. Likevel går mange tusen mennesker i Noreg julemånaden i møte utan røykvarslarar som fungerer.

I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag. Bruk Røykvarslardagen 1. desember til å bytte batteri og teste røykvarslarane dine.

I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 2 670 bygningsbrannar i Møre og Romsdal. Det har omkome 59 personar i brann i same periode. Ingen har så langt i år omkome i brann i fylket.

- Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset, informerar Michael Werner, Brannkonstabel/feiar i Ørskog brann og redning.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din.
 

Må testast jamnleg

Røykvarslarar bør testast jamnleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier Werner

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet / El sikkerhet Møres AS og brann- og feiervesenet / Ørskog brann og redning

www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Røykvarslerdagen 2017 på facebook del gjerne - sjå lenka: https://www.facebook.com/events/136852056970896/


Kontaktpersonar lokalt:

Michael Werner, telefon: 900 33 448
 Ørskog brann og redning                 

 

Leif Rune Vinje, telefon: 416 33 845 
Nordvest nett

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 01.12.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering