Danseworkshop!

Danseworkshop - NY TID - Klikk for stort bilete

NB! NY TID: torsdag 11. januar, frå 16.30. til 19.30


Har du ein dans under planlegging, anten åleine eller saman med ein venn eller fleire? Vil du gjerne ha tips for korleis lage ein dans? Ynskjer du å lære eit spesielt dansetrinn?

Då må du ta turen til gymsalen på Lande torsdag 11. januar for ein workshop med Kristy Winsper!

 

Kristy har vore lærar ved kulturskulen i Vestnes i mange år, og er no og tilsett ved kulturskulen i Ørskog. Ho er fagleg veldig dyktig, pedagogisk og sprudlande blid!

Om du har bestemt deg for å delta på UKM, om du lurer på om vil delta på UKM, eller om du rett og slett berre er glade i å danse, om du er jente eller gutt, så er du velkomen til å vere med!

 

Kven, kva og korleis:

  • Målgruppe: 10 år - 20 år (På danseworkshopen øver ein ikkje inn fellesnummer. De står i grupper, anten att med dei du ynskjer å danse med, om du vil lære deg noko åleine, eller dei som Kristy sett opp i lag. Så vil ho gå frå gruppe til gruppe og vise og hjelpe, kome med tips og råd.)
  • Pris: gratis
  • Påmelding til Ingrid Hjelle på Sørviskontoret: anten send ein e-post: ingrid.hjelle@orskog.kommune.no eller sms: 984 53 422
  • Hugs å ta med ein matpakke, drikkeflaske og mobil eller liknande med din ønska musikk.

 

UKM i Ørskog

Det er Sørviskontoret som står som ansvarleg for UKM i Ørskog. Med seg på laget er også i år Musikkverkstaden, med Tom-Harald Meek og Jonny Titlestad. Dei planlegg og gjennomfører mønstringa på sjølvaste dagen, og er glimrande samarbeidspartnarar!

UKM er søndag 11. februar. Påmelding gjer du her: https://ukm.no/orskog/ - og du kan delta med alt!

Om du kjenner nokon som du tenker burde delta, tips dei gjerne! Alt går! Ingenting er for lite, ingenting for stort. Du kan delta med nær sagt alt: film, trommesolo, trommeorkester, dansenummer, synging, turning, stand up, fotballtriksing, skateboard-triksing, som lyd- og lysassistent, konferansier, teikning, noko du har snekra, filma eller strikka – og alt der i mellom. Det finst nesten ikkje grenser. Stille åleine, med ein venn/venninne, eller som del av ei gruppe - du bestemmer!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering