Musikkworkshop!

Musikkworkshop - Klikk for stort bilete

Elskar du å spele, og har du lyst å vere saman med andre som føler det på same måte? Kanskje har du lyst å prøve å spele i band? 

Då må du ta turen til Musikkverkstaden som har eit tipptopp øvingslokale i kjellaren på Røde Kors-huset på Steinholt søndag 14. januar!

Oppmøte klokka 12.00. Endeleg opplegg blir fyrst heilt spikra når vi ser kor mange påmeldte det er. Men kjekt og lærerikt skal det bli!

 

Kven, kva og korleis:

  • Målgruppe: 10 år - 20 år
  • Pris: gratis
  • Påmelding til Tom Harald Meek: anten send ein e-post: tomhmeek@gmail.com eller
    ring/sms: 488 55 827

 

 

UKM i Ørskog

Det er Sørviskontoret som står som ansvarleg for UKM i Ørskog. Med seg på laget er også i år Musikkverkstaden, med Tom-Harald Meek og Jonny Titlestad. Dei planlegg og gjennomfører mønstringa på sjølvaste dagen, og er glimrande samarbeidspartnarar!

UKM er søndag 11. februar. Påmelding gjer du her: https://ukm.no/orskog/ - og du kan delta med alt!

Om du kjenner nokon som du tenker burde delta, tips dei gjerne! Alt går! Ingenting er for lite, ingenting for stort. Du kan delta med nær sagt alt: film, trommesolo, trommeorkester, dansenummer, synging, turning, stand up, fotballtriksing, skateboard-triksing, som lyd- og lysassistent, konferansier, teikning, noko du har snekra, filma eller strikka – og alt der i mellom. Det finst nesten ikkje grenser. Stille åleine, med ein venn/venninne, eller som del av ei gruppe - du bestemmer!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering