Administrativ organisering av nye Ålesund

Nye Ålesund - logo - Klikk for stort bilete

Den overordna administrative strukturen til nye Ålesund skal ut på høyring.

Arbeidet med å organisere nye Ålesund vil skje i fleire fasar. I første omgang skal vi få på plass nokre overordna prinsipp for organiseringa. Dette gjeld tema som kva prinsipp som skal gjelde for leiinga av den nye kommunen: prinsipp for ansvar og mynde og inndeling av overordna kommunalområde, altså den øverste leiinga rundt rådmannen.

Samtidig må vi, når vi bestemmer oss for desse overordna strukturane, også ta omsyn til kva som må til for å ivareta brukarfokuset og samhandling på tvers i den nye organisasjonen, skape innovasjon og legge til rette for digitalisering. Dette er område som er særleg omtalt som viktige i intensjonsavtalen for nye Ålesund.

 

Framdrift

5. mars hadde vi eit innspelsseminar for leiargruppene i dei fem kommunane, hovudtillitsvalde og representantar frå hovudverneomboda.

12. mars hadde prosjektleiar informasjonsmøte om arbeidet med dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i dei fem kommunane.

Høyringsdokumentet med innspel frå leiargruppene og dei tillitsvalde blir behandla i rådmannsgruppa 14. mars.

 

Høyringsrunde

Prosjektleiar sender forslaget til overordna prinsipp for organisering på høyring i dei fem kommuneorganisasjonane og hovudsamanslutningane. Forslaget blir også lagt ut på nettsidene slik at også eksterne kan kome med innspel. Forslaget blir sendt på høyring 19. mar.

Høyringsfristen er 12. april.

Prosjektleiar skal utforme den endelege innstillinga etter innspel frå rådmannsgruppa. Dette skjer etter rådmannsgruppemøte 17. april. Prosjektleiar har drøftingsmøte med dei tillitsvalde i dei fem kommunane 24. april og 2. mai blir forslaget til overordna administrativ struktur blir lagt fram for PSU.

Deretter går saka vidare til arbeidsutvalet og fellesnemnda for endeleg avgjerd, 9. mai.


 

Neste fase

Etter vedtak om den overordna administrative modellen, vil arbeidet med å innplassere leiarar på høgste nivå begynne. Deretter, når den øverste leiinga er på plass, må ein begynne arbeidet med dei mange store og små spørsmåla om korleis dei ulike tenesteområda konkret skal organiserast.

Prosjektorganisasjonen vil kome tilbake med ny framdriftsplan for denne fasen. Det vil bli brei involvering også når det gjeld desse spørsmåla.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.03.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering