Wergeland, Asbjørnsen, Ibsen - og Ørskog

Ibsen - Klikk for stort bilete

Visste du at både Henrik Wergeland og P. C. Asbjørnsen kjem frå Ørskog? (…om vi skal sjå litt stort på det.)

Eller at Ibsen tykte strekninga frå Solnør til Sjøholt var "ubeskrivelig deilig"?

Litt fun-facts om tre store diktarar og deira forhold til Ørskog:

 

Henrik Wergeland og Ørskog

Jon Knutson Nedrevoll var fødd i Ørskog. Han vart lærar og klokkar i Lindås og gift med Ingeborg Knutsdatter der. Eldste datter deira heitte Antoinette, som vart gift med Halvor Lasseson frå fjellgarden Verkland. Antoinette vart enke med tre barn, og dei tok det gamle namnet, men skreiv det Wergeland. Ein son var Nikolay, som vart prest og eidsvollsmann, og far til diktargeniet Henrik Wergeland.


P. C. Asbjørnsen og Ørskog

Også den kjende eventyrforfattar og eventyrsamlar Peter Christian Asbjørnsen (frå Asbjørnsen og Moe) hadde aner attende til Sunnmøre og Apalset i Ørskog. Ragnhild Lauritsdtr Abelseth, fødd på Apalset, var tipp-tippoldemor hans.
 

Henrik Ibsen og Ørskog

Henrik Ibsen var i 1862 på ei reise på Vestlandet. Han hadde fått eit stipend til å drive innsamling av folkeminner. Han oppheldt seg ei tid i Sunnylven, og reiste så vidare med dampbåten til Sjøholt og vart buande på Solnør Gård. Han skal ha brukt tilfang frå denne turen til mellom anna "Brand" og "Rosmersholm". Han skreiv i "Illustrert Nyhedsblad" den 26. oktober 1862 frå reisa:

"Postveien fra Ålesund til Christiania går de første 2-3 miil langsmed Storfjordens nordlige strand, og er ialfald på strækningen fra Solnør til Sjøholt ubeskrivelig deilig. Den jevnt heldende lid har her skråning mod syd ned til fjorden, og er lige til øverst oppe klædt med furru og den frodigste løvskov. Alt imellom, snart ovenfor, snart nedenfor veien, ligger venlige gårder halvt gjæmte mellom trægrupperne; den blå vandflade glitrer gjennem løvet, og fra og til åbner sig en udsigt med de romsdalske tagger og tinder længst borte."

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering