Vatningsforbod oppheva

kran.jpg - Klikk for stort bilete Spyle- og vatningsforbodet er no oppheva, og vassforsyninga er tilbake i ordinær drift.
Ei periode framover vil ein oppleve at vatnet vert kvitt/grått før det klarnar. Dette er luft og er ikkje farleg. Dette vil forsvinne etterkvart.


 

Melding som gjekk ut til abonnentane tilknytt det kommunale vassverket OG Ørskog vassverk A/L:

Den 22.06.2018 frå kl. 12:00 vert det innført vatningsforbod. Dette gjeld all form for vatning, spyling og liknande (sjå nedst i saka for eksempel på kva forbodet omfattar).

Eit større omkoplingsarbeid på det kommunale vassverket er årsaka til at vatningsforbodet er innført, og er også grunnen til at vassleveransen er låg (også hjå Ørskog vassverk A/L).

 

Vasskjelda må supplerast med vatn i perioden dette går føre seg, og drikkevatnet vert difor klora i tillegg til ordinær UV-bestråling. Det vert teke vassprøvar undervegs.

Vatnet er trygt både å drikke og nytte til matlaging sjølv om det tidvis kan vere noko meir farge på vatnet enn vi er vande med.

Vi oppmodar abonnentane til å spare på vatnet til forbodet vert oppheva, og med det hjelpe oss i arbeidet med å sikre trygg, stabil og god vassforsyning i framtida.

Vi forventar at arbeidet er ferdig i slutten av veke 26, men med atterhald.

Eksempel på bruk av vatn som er omfatta forbodet:

* Vasking av bil, spyling av uteområde og gardsplassar.

* Vatning av plenar (dersom dette skulle vorte aktuelt).

* Fylling av symjebasseng, boblebad, stampar og liknande.

* Utspyling av vatn samt anna unødig bruk av vatn.

Mattilsynet er orientert om arbeidet og prosessen som er i gangsett.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 04.07.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering