Sol, sommar og reine strender!

HoldNorgeRent.jpg - Klikk for stort bilete

Sunnmøre Friluftsråd oppmodar alle om å ta i eit tak for ein reinare kyst! I samarbeid med Reinhaldsverka SSR, VØR og Årim og dei kommunale sørviskontora på rådhuset har vi gjort det enkelt å bidra!

Det er lite som slår den gode kjensla av å bidra til ei god sak, og i sommar kan alle vere med å gjere ein viktig forskjell for strendene våre! Plastavfall og anna marin forsøpling er eit enormt og veksande problem, for livet i havet og for oss alle. Frivillig innsats er avgjerande i kampen for ein reinare kyst og mange enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar har gjort, og gjer en viktig ryddejobb.

No i ferien er ekstra mange ute i naturen, i fjørene og på strendene, og vil sjølve sjå at behovet for å rydde plast, tau, isopor, gamle hermetikkboksar og anna skrot framleis er stort mange stader.

 

Litt eller mykje alt utgjer ein forskjell!

Først og fremst må kvar enkelt ta ansvar for å rydde etter seg når ein er ute, men det er vel sjølvsagt for alle no?
Om ein vil gjere ein innsats utover det, har Friluftsrådet med god hjelp frå sørviskontora i kommunane gjort det enkelt å få tak i sekkar og hanskar frå Hold Norge Rent. Dette kan i sommar hentast gratis på Sørviskontoret på rådhuset. Men, det er reinhaldsselskapa som har ansvar for handtering av avfallet så eventuelle spørsmål om det må rettast til direkte til dei.

Dei lokale Miljøstasjonane tek gratis i mot Hold Norge Rent sekkar med eigarlaust marint avfall.

NB! For å få levert gratis til din lokale Miljøstasjon, treng du ei aksjonskode som du får ved å opprette ein ryddeaksjon på Hold Norge Rent sine heimesider. Husk då å knytte aksjonen til Sunnmøre Friluftsråd så kan vi følge med på kor mykje som vert rydda i sommar. Ei enkel oppskrift på dette får du også når du hentar sekkar og hanskar på Sørviskontoret på rådhuset.

 

Rydding i litt større omfang krev gjerne organisering. Friluftsrådet har, gjennom prosjektet Marin Forsøpling, ei aktiv og sentral rolle i rydding av strender og kystliner. Vi kan hjelpe med å organisere aksjonar og vi har gode arbeidsbåtar som kan hente søppel på øyer og mindre tilgjengelege stadar langs kysten.

 

Publisert av Bente Gravem Holmeide. Sist endra 23.07.2018 13:57
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering