Kor god er du i nynorsk?

JA til nynorsk! - Klikk for stort bilete

Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg, og det har dei to skriftspråka vore sidan 1885. Men medan bokmål stammer fra dansk, er nynorsk frå dialekter i Noreg. 

Noreg si historie (som sjølvsagt inkluderar språkhistoria) har vore prega av å byggje opp noko typisk norsk, og mellom anna vart det samla inn noko av det mest norske vi har: dialektene. Desse utgjer skriftspråket vi i dag kallar nynorsk - som må seiast å vere mykje meir norsk enn bokmålet, som stammar frå dansk.

 

Kor god er du?

Her kan du ta ein test og sjekke kor sterk du er i nynorsk:

http://elevrom.sprakradet.no/


Kan eg skrive Norge på nynorsk? Nei, det kan du ikkje. Namneforma Noreg står som eineform i nynorsk. I 1996 fremma nynorskseksjonen i Norsk språkråd eit framlegg om å innføre sideforma Norge, men framlegget vart avvist av Kulturdepartementet.

 

 

Språket

Mange meiner nynorsk er ei vakker språkform som skildrar kjensler og stemning gripande. Vi har mange gode eksempel på nydelege nynorske dikt! Kven kjenner det vel ikkje i hjartet når ein les eller syng om Blaamann eller "Den dag kjem aldri" av A. O. Vinje, eller ler av Jacob Sande sitt "Kallen og katten"? Eller kjend på ei heimeleg godhug når ein syng "Nordmannen" av språkgrunnleggjaren sjølv, Ivar Aasen?

Eit anna godt eksempel er diktet "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas, som omhandlar venskap:

 

- Ord over grind -

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.


Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.


Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.


Så lenge eg veit du vil kome iblant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

 

 

 

Litt om nynorsken 

Kilde: Språkrådet

Den unge 1800-talsnasjonen Noreg trong eit eige skriftspråk, skulle vi vere herrar i vårt eige svensk-norske hus. Diskusjonen om språket vårt skaut fart frå midten av 1800-talet. Skulle vi byggje opp eit heilt sjølvstendig skriftspråk på grunnlag av dialektane i landet? Eller fornorske det danske utgangspunktet med norske ord og heimlege strukturelle trekk?

Ivar Aasen (1813–1896) tok initiativet til det første alternativet. Han var ein grundig sunnmøring og brukte fleire år på ei jamførande undersøking av grammatikk og ordtilfang i dei ulike norske dialektane. Resultata publiserte han mellom anna i omfattande ordbøker (utgjevne i 1850 og 1873).

På grunnlag av det innsamla materialet utarbeidde Aasen ei fellesform for dialektane. Dette språket blei kalla landsmål. Alt frå slutten av 1850-åra byrja andre å ta skriftspråket i bruk. Landsmålet blei likestilt med dansk i 1885 og blei godkjent som undervisingsspråk i skolen etter lokal avgjerd i 1892. Landsmålet auka raskt i bruk og popularitet i Bygde-Noreg. I 1929 fekk språket offisielt namnet nynorsk etter vedtak i Stortinget.

 

Ny rettskriving i nynorsk i 2012

Kulturdepartementet fastsette ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012. Språkrådet har gjeve ut brosjyra Ny nynorskrettskriving frå 2012 om hovuddraga i den nye rettskrivinga.


 

Nynorskkommune

Nærare 80% av innbyggjarane i Noreg har ei anna dialekt enn typisk bokmål. Men slett ikkje alle desse 80% har nynorsk som skriftsmål! På Vestlandet og i fjellbygdene lenger aust, derimot, står nynorsken sterkt.

Mykje av dei nasjonale sendingane på TV og radio, samt bøker og riksaviser er på bokmål. Det betyr at det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendinger, region- og lokalaviser, skule, kommunikasjon frå kommune og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet. På byrjinga av 1900-talet stod nynorsken sterkt, men etter krigen har diverre nynorsken vore på tilbakegang.

 

Ørskog kommune er medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar som arbeidar for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 16.08.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering