Hugs ferdselsreglane på veg til badeplassen

På veg for å bade! - Klikk for stort bilete

Fleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Dette er ikkje lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.

Melding frå fylkesmannen og politiet:

Reglar for allemannsretten kan ikkje tolkast som fri ferdsel overalt i naturen. Utmark som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær kan brukast ganske fritt. Men på innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt avgrensa. Med lite avling fleire stadar er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg.

Alle kan ferdes til fots på privat veg og tydeleg stiar, som ligger i innmark på veg til badeplassen, men det er ikkje tilgang til innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Avgrensingane og restriksjonane for innmark gjeld for all dyrka jord som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt fram til plantane er 6-8 meter høge. Innmark omfattar også fleire andre type areal, noko som inneberer at du heller ikkje utan vidare kan gå over til dømes hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal.

 

Allemannsrett og allemannsplikt

Friluftslova gir altså både allemannsrett og allemannsplikt. Pliktene og avgrensingane er der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det er også slik at det som kan vere tillate for ein person eller nokre få saman, kan kome i strid med allemannsretten når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har endåtil ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre type areal kan være innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga.

Vi minner også om at biler ikkje må parkerast slik at driftsvegar vert blokkert, av omsyn til både grunneigar og naudetatar. 

Så oppfordrer vi alle til å rydde opp etter seg. Ta med søppel heim!

 

Kontaktpersoner:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, direktør landbruksavd. Frank Madsøy  71 25 84 03 / 971 71 493   
Møre og Romsdal  politidistrikt, politiadvokat Arnt-Erik Oust 70 11 87 00,  eventuelt via kommunikasjonsrådgiver Eli Anne Tvergrov 913 05 405.

 

 Sjå også ofte spurte spørsmål frå Miljødirektoratet: http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Friluftsliv/Allemannsretten/Ofte-stilte-sporsmal-om-allemannsretten/

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.08.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering