Skuleskyss

småskulen - Klikk for stort bilete Elevar i grunnskulen har rett på skuleskyss når visse vilkår er oppfylte.

Fjord1 har fått ansvar for skuleskyssen i Ørskog kommune.

 

Vilkår for rett til skuleskyss


Fylkeskommunale retningsliner:

  • Avstanden mellom heim og skule skal vere lenger enn 2 km for elevar i 1. klasse.
  • Avstanden mellom heim og skule skal vere lenger enn 4 km for elevar i 2. - 10. klasse.


Kommunale retningsliner:

  • Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda (Opplæringslova § 7-1).


Administrative vedtak:
Elevar som p.g.a. funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.(Opplæringslova § 7-3).


a) Funksjonshemming.
For at eleven skal ha rett til skuleskyss, må det føreligge sakkunnig vurdering frå PPT.


b) Mellombels skade eller sjukdom.
For at eleven skal ha rett til skuleskyss, må det føreligge tilvising frå lege.



Krav til dokumentasjon
Elevar som ikkje kjem inn under dei fylkeskommunale retningslinjene, må søkje skriftleg om rett til skyss.(Opplæringslova § 7) 

Søknader som ikkje er omfatta av regelverket blir handsama politisk av Skule- og kulturutvalet.

Skulane v/rektor rapporterer inn til Skule- og kulturkontoret alle elevane i krinsen som skal ha skuleskyss 

Busselskapet sender ut skysskort til alle elevane som har fått innvilga skuleskyss.Elevane skal ha med seg busskortet på skulebussen kvar dag.

Klage på vedtak

Klagefrist på vedtaket er 3 veker etter at brev om vedtak er motteke. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga blir sendt til skulen eleven går på og vidaresendt til kommunen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved Utdanningsavdelinga er klageinstans og fattar endeleg vedtak

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Hilde Sørdal
Kommunalsjef oppvekst
Tlf: 70 16 59 30
Mobil:
E-post  

 

Teneste (1)
Meir informasjon (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering