Byggearbeid som ikkje er søknadspliktig

For at byggearbeid skal vere friteke frå søknadsplikta set plan- og bygningslova som vilkår at det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser. 

 

Tiltakshavar har uansett plikt til å følgje reglane i plan- og bygningslova med forskrifter og veglova. Fritaket gjeld altså ikkje for tiltak som elles ville vore i strid med lova eller gjeldande regulering eller vedtak. Til dømes vil ein ikkje kunne byggje i 100-metersbeltet langs sjøen eller gjere tiltak som er i strid med kommuneplan og/eller reguleringsplan utan at det er søkt om dispensasjon og der denne er innvilga.

Under er det nemnd nokre dømer på byggearbeid som vanlegvis ikkje krev søknad etter plan- og bygningslova. Lista er ikkje uttømande.


Frittliggjande bygg:

  • Mindre frittliggjande bygg på inntil 15 m2. Bygget kan ikkje nyttast til varig opphald for personar (med varig opphald meinar ein bygg som gjeste-/soverom, og liknande). Mønehøgda må ikkje overstige 3 meter og gesimshøgda må ikkje vere over 2,5 mter. Avstand til andre bygg på eigedomen må vere minst 1 meter, og 4 m. frå nabogrense.
  • Mindre bygg knytt til drift av jordbruks- og skogbrukseigedomar.
     

I eksisterande bygg:

  • Mindre fasadeendring, eller attendeføring av fasade til opprinneleg form som ikkje endrar eksteriørkarakteren til bygget, t.d. skifting av vidauge, utvendig trapp frå altan etc.
  • Arbeid med ikkje berande vegg, som ligg innanfor ei branncelle og som ikkje medfører vesentlege endringar i planløysinga.
  • Installering, endring, og reparasjon av enkle instllasjonar i eksisterande bygg innafor ei bruksendring eller ei branncelle.
  • Reinstallering, reparasjon av eldstad og andre tiltak knytt til eldstader, dersom arbeidet vert kontrollert av kvalifisert kontrollør.
     

Utandørs:

  • Levegg med ei høgd på inntil 1,80 m og lengde på inntil 10,0 m.
  • Frittliggande utepeis, utegolv, postkassestativ, mindre skulpturar og liknande.
  • Gjerde mot veg med ei høgde på inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindra sikta i frisiktsone mot veg. (Mot vegkryss må høgda senkast til 0,5 m).
  • Reklameskilt som vert montert flatt på vegg og som ikkje er større enn 1,0 m2.
  • Mindre antenner. Antennemasta kan vere inntil 2,0 m høg. Parabolantenner kan ha ein diameter på inntil 1,0 m.
  • Støttemurar med høgde inntil 1,0 m og som har ein avstand til nabogrense på minst 2,0 m, eller høgde inntil 1,5 m og avstand til nabogrense på minst 4,0 m. - Muren må ikkje vere til hinder for frisiktsoner mot veg.
  • Fylling eller planering av terreng når tiltaket ikkje medfører eit avvik frå opprinneleg terreng på meir enn 3,0 m i spreiddbygd område og 1,5 m i tettbygd område. På eigedomar med rekkjehus og annan tett busetnad må avviket ikkje vere større enn 0,5 m.
  • Graving av kablar (elektriske og TV-kablar og liknade).
  • Lokalt dreneringsarbeid og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
  • Opparbeiding av biloppstillingsplass for eiga tomt.

 

Fann du det du leitte etter?
Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering