Vassforsyning

Drikkevatn.jpg - Klikk for stort bileteDrikkevatn.jpg Ørskog kommune leverer vatn til alle husstandar i Sjøholt sentrum, frå sjukeheimen til Abelset, inkludert Solnørdalen.

Resten får vatn frå private vassverk.

Vassverk 

Ørskog kommune driftar Vassverket på Nysætra. 

Ørskog kommune har 2 høgdebasseng; eitt på Lid (rommar 600 m³) og eitt på Brauta. 
 

Drikkevassanalysar

Eurofins avd. Ålesund står for analyse av drikkevasskvaliteten i Ørskog kommune.
Vasskvaliteten blir jamnleg kontrollert gjennom vassprøvar.
Vi nyttar UV-stråling for desinfisering, og tilset vassglas for korrosjonskontroll og PH-justering.

 

Vaskemaskiner

På nye vaskemaskiner kan ein leggje inn hardheit på vatnet i programmet. Vatnet vårt er målt til: 0,22 dH. I Norge brukar ein dei tyske hardheitsgradane, og vatnet er difor etter denne tabellen definert som meget blautt vatn.


 

Vassmålar

Etter gjeldande forskrift om vass - og avløpsgebyr kan abonnenten krevje installasjon av vassmålar. Næringseiegedommar inkl. gardsbruk og offentleg verksemd skal ha vassmålar.

 

 

Beredskap

(gjeld kommunale bygg, vatn, avløp, snøbrøyting og veg)

kl 08.00 - 16.00: kontakt oppsynsmann Jan Ove Longastøl tlf 70 16 59 38

etter kl 16.00 kan ein kontakte kommunen på 70 16 59 99



 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.01.2019
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Oppsynsmann
Tlf: 70 16 59 38
Mobil: 484 01 310
E-post  

 

Teneste (1)
Nyttige lenker (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering