Planprosess - ein oversikt

Ein reguleringsplan er eit juridisk dokument som fortel korleis eit areal kan benyttast og evt. bebyggast. Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige.

Ein reguleringsplan bestend av eit plankart med tilhøyrande føresegner og ei beskriving.

Reguleringsplanar skal utarbeidast med heimel i Plan og bygningslova.

Fase 1 Oppstartmøte

Før ein startar med planarbeidet må ein avtale eit møte med kommunen (kommuneplanleggar) om planarbeidet. I oppstartsmøtet vil kommunen orientere om rammer og føringar for planarbeidet.

 

Fase 2 Varsling

Det skal varslast oppstart av planarbeid, dette er forslagsstillar sitt ansvar.  Dette skal gjerast ved kunngjering i avis og gjennom elektroniske media. Ein skal og tilskrive aktuelle høyringsinstansar og berørte partar som grunneigarar og naboar.

For planer som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det og utarbeidast eit planprogram. Dette skal normalt sendast ut samtidig med varsel om oppstart.

 

Fase 3 Planforslag

Forslagsstiller utarbeidar eit planforslag ut frå dei rammer og føringar som vart gitt i oppstartmøte, og dei innspel til planarbeidet som har kome inn i forbindelse med varslingen. Det vert stilt spesielle krav til innhald og kvalitet.

Planforslaget skal sendast inn til kommunen v/ kommuneplanleggar som skal gå gjennom det innsendte materialet og førebu saka til 1.gongs handsaming.

 

Fase 4 Førstegongs handsaming

Når det føreligg eit konkret framlegg til reguleringsplan, er det klart for førstegongs handsaming. Framlegget skal bestå av eit plankart og føresegner. I tillegg har administrasjonen laga eit saksframlegg som beskriv planforslaget og gjer ei tilråding til korleis planforslaget skal handsamast vidare.

Det er viktig at planforslaget er gjennomarbeidet og korrekt utforma, dette vil vere med på å sikre ein rask handsaming vidare. 
Planforslaget skal leggast fram til politisk handsaming i Kommuneplanutvalet. Utvalet vil då vedta om det skal leggast ut til høyring, sendast tilbake for vidare omarbeiding eller avvisast.

 

Fase 5 Offentleg ettersyn (høyring)

Framlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn, med høyringsfrist. I høyringsperioden vert alle berørte varsla, og kan kome med merknader til planen.

 

Fase 6 Andregongs handsaming

Når høyringsfristen har gått ut, vert det førebudd ny handsaming av planforslaget i Kommuneplanutvalet, deretter gjeng saka til Kommunestyret for endeleg vedtak. 
Høyringsmerknader til planen kan føre til endringar av planforslaget.

 

Fase 7 Vedtak

Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Gjennom ein vedteken reguleringsplan vert arealbruken gjort bindande for den enkelte grunneigar.

 

Fase 8 Kunngjering av vedteken reguleringsplan

Når en reguleringsplan er vedteken, skal dette kunngjerast i avis og på kommunen sin heimeside. Alle har høve til å klage på vedtaket.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering